Historisk arkiv

Noreg gjev 1,75 milliardar kroner til Verdsbankens utviklingsfond

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Regjeringa har i statsråd i dag lagt fram forslag for Stortinget om at Noreg tek del i den trettande kapitalpåfyllinga av Det internasjonale utviklingsfondet (IDA) i Verdsbanken i perioden 2002-2004.

Pressemelding

Nr.: 201/02
Dato: 22.11.2002

Noreg gjev 1,75 milliardar kroner til Verdsbankens utviklingsfond

Regjeringa har i statsråd i dag lagt fram forslag for Stortinget om at Noreg tek del i den trettande kapitalpåfyllinga av Det internasjonale utviklingsfondet (IDA) i Verdsbanken med eit bidrag på 1751 mill. kroner over tre år i perioden 2002-2004. Under forhandlingane vart det semje om eit nivå for påfyllinga som gjer at IDA held oppe si sentrale rolle som utviklingsfond med ein samla kapasitet for utlån på om lag 23 milliardar dollar – over 200 milliardar kroner - over dei neste tre åra. Kapitalpåfyllinga er eit resultat av forhandlingar som har vart i halvtanna år.

Resultatet av forhandlingane er gledelig sidan IDA spelar ei særleg viktig rolle for dei fattigaste utviklingslanda, som ofte har liten tilgang til andre kjelder for bistand. Verdsbanken har dei seinare åra gått i ei klårt positiv retning med auka fokus på helse, utdanning og kamp mot korrupsjon. Noreg støttar fullt ut semja om at bistand frå Verdsbanken og andre gjevarar skal ha sitt utspring i dei fattige landa sine eigne utviklingsstrategiar, seier Utviklingsminister Hilde Frafjord Johnson.

IDA støttar dei fattigaste landa, særleg i Afrika, hovudsakleg i form av rentefrie lån med lang tilbakebetalingstid. Fondet kan òg gje rein gåvebistand til fattige land som har vore råka av HIV/Aids-epidemien, naturkatastrofar og krig og som har ei særs tung gjeldsbør. Verdsbanken si verksemd har dei seinare år i stor grad blitt samstemd med norsk utviklingspolitikk. Noregs del av påfyllinga er difor blitt auka samanlikna med tidlegare påfyllingar, og utgjer no 1,52 prosent.