Historisk arkiv

Dommen i Oslo tingrett blir anka

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjedepartementet er ikkje samd i domstolen si vurdering om at einerett til drift av utbetalingsautomatar bryt med EØS-avtalen. Dommen i Oslo tingrett av 27.10.2004 blir difor anka. (28.10.04)

Pressemelding

Nr.: 138/04
Dato: 28.10. 2004
Kontaktperson: Informasjonssjef Signe Bjørvik, tlf: 913 46 557

Dommen i Oslo tingrett blir anka

Kultur- og kyrkjedepartementet er ikkje samd i domstolen si vurdering om at einerett til drift av utbetalingsautomatar bryt med EØS-avtalen. Dommen i Oslo tingrett av 27.10.2004 blir difor anka. - Eineretten er eit naudsynt verkemiddel for å få skikkeleg kontroll med dei sosialpolitiske konsekvensane av dagens spelepolitikk, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland.

– Eg meiner difor at tingretten sitt standpunkt ikkje bør leggjast til grunn utan at saka blir prøvd for høgare instansar, seier kultur- og kyrkjeministeren i ein kommentar.
Fristen for å fremje ein anke over tingretten sin dom er ein månad.

- Automatreforma er eit avgjerande sosialpolitisk tiltak for å unngå at mange menneske blir speleavhengige. Stortinget og regjeringa meiner dette er det mest effektive tiltaket for å sikra forsvarleg automatdrift. Fleire blir speleavhengige av gevinstautomatane enn av noko anna lovleg lotteri eller pengespel i Noreg. Det ser likevel ikkje ut til at domstolen har lagt dette til grunn for si vurdering, seier kultur- og kyrkjeminister Svarstad Haugland.

Statsråden understrekar at det er uaktuelt å vidareføra dagens ordning.

Stortinget vedtok i fjor at Norsk Tipping skal stå for all drift av gevinstautomatar frå 2006. Som ledd i reforma blir drift av eksisterande automatar avvikla frå nyttår. Dei nye reglane vil gi færre og mindre aggressive automatar. Automatane vil forsvinna frå blant anna daglegvarebutikkane og dei blir underlagde direkte politisk kontroll.

I ei grunngjeven fråsegn av 20. oktober 2004 hevdar ESA at Stortinget sitt vedtak bryt med EØS-avtalen.