Historisk arkiv

Kanal4 har den beste søknaden

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Kanal4 har den beste søknaden

Dagens Næringsliv, 24. desember 2002

Departementet lyste i mai i år ut konsesjonen for den nye perioden som startar 1. januar 2004 og varar til 31. desember 2013. Konsesjonar til kringkasting er etter lova avgrensa i tid. Automatiske fornyingar vil sementere konsesjonsinstituttet og ikkje sikra at ein i kvar periode har den konsesjonæren som vil leggja best til rette for variasjon og breidde i tilbodet. Det hadde difor ikkje vore rett å gi P4 fornya konsesjon, utan å la andre interessentar få høve til å konkurrera om konsesjonen. Utlysinga til departementet vart forma som ein "skjønnhetskonkurranse", der den søkjaren som gjennom realistiske og forpliktande planar ga det beste allmennkringkastingstilbodet, skulle få konsesjonen. Som dei fleste veit, var det stor interesse for konsesjonen og vi fekk inn seks søknader.

Når det var Kanal4 som til slutt fekk konsesjonen, heng det ganske enkelt saman med at det var dei som hadde den beste søknaden. Kanal4 har presentert eit ambisiøst opplegg for å fylla allmennkringkastingsoppgåva. Selskapet har sjølv sett opp leveransemål for programkategoriar og sjangrar som skal presenterast i sendingane gjennom året. Kanalen har dermed vist at dei tar oppgåva si alvorleg og at lyttarane kan stilla krav til dei. Kanal4 har eigarar som mellom anna representerer region- og lokalaviser og andre medium i heile landet. Denne spreiinga av den journalistiske og redaksjonelle kompetansen meiner eg kan gi eit radiotilbod som speglar heile landet. Gjennom den solide journalistiske forankringa trur eg også kanalen er godt rusta til å vera ein utfordrar og eit reelt alternativ til NRK.

Kanal4 har omfattande planar for ulike programkategoriar. Nyhende- og aktualitetssatsinga er omfattande, med nyhendebulletiner gjennom heile dagen og fire utvida nyhendesendingar, i tillegg til eit dagleg aktualitetsmagasin. Dei vil senda kulturprogram, barn- og ungdomsprogram, livssynsprogram og program for den samiskspråklege befolkningsgruppa fleire gonger i veka. Kanal4 lovar og å sende natur- og vitskaplege program, mykje forbrukarstoff og program for dei som er interessert i sport og idrett. Alt i alt ligg det til rette for at Kanal4 kan bli ein ny, spanande aktør i det nasjonale mediebildet.

I den konsesjonen P4 har i dag, er det ei formulering om at konsesjonæren ikkje er garantert ny konsesjon, men at fornying vil vera det normale. Denne formuleringa er ikkje til hinder for at konsesjonen vart utlyst, og P4 hadde ikkje noko rettskrav på å få ny konsesjon. Mellom anna er Noreg forplikta gjennom EØS-avtalen til å konkurranseutsetje slike konsesjonar.

Det ville vore å halda andre søkarar for narr, om P4 skulle hatt nokon automatisk rett til fornying. Eg har likevel tatt omsyn til at formuleringa kan ha bidrege til at P4 venta å få ny konsesjon. Men Kanal4 presenterte så mykje betre planar for allmennkringkasting i den nye perioden at dette momentet ikkje kunne vera avgjerande i vurderinga til departementet.

I den nye konsesjonsperioden skal sendernettet vera slik at sendingane frå konsesjonæren framleis når ut til over 90 prosent av folket. Nokre har vore bekymra for at etableringa av eit femte riksnett for radio i FM-bandet skal gå ut over dei eksisterande radioaktørane, og gjera det fjerde riksnettet for radio vesentleg dårlegare. Post- og teletilsynet er snart ferdige med å planleggje det femte riksradionettet, og har i dette arbeidet måtta gjera nokre få endringar i det fjerde riksnettet. Departementet har sett som viktige premiss for arbeidet at dekninga for mobilt og portabelt mottak i det fjerde riksnettet, skal reduserast så lite som mogeleg på grunn av eit nytt femte nett. Endringane skal også i minst mogeleg grad verka negativt inn på eksisterande lokalradioar sine sendingar. I konsesjonsperioden som startar for Kanal4 i 2004 vil kanalen ha eit sendarnett som skil seg lite frå det som P4 har brukt i denne konsesjonsperioden.

Konsesjonen for sendingar i det femte riksnettet vil bli lyst ut og tildelt i 2003. Også for denne konsesjonen vil eg stille krav til innhaldet og krevja vederlag for konsesjonen. Konsesjonen vil ha noko lågare dekning enn konsesjonen i det fjerde nettet. Situasjonen for kommersiell riksradio er noko annleis enn for kommersielt riksdekkjande fjernsyn. På radiosida har det nær sagt vore monopol på reklameinntektene frå riksdekkjande radioreklame for den som har hatt den riksdekkjande konsesjonen. Med ein ny reklamefinansiert radiokanal aukar programtilbodet og konkurransen mellom kanalane krev skjerpa innsats på innhaldssida. Sendingane i det nye femte nettet kan starte same året som Kanal4 startar sine sendingar.