Historisk arkiv

Spør ungdommen om framtidas reiseliv

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet

Korleis blir det framtidige reiselivet i landet vårt? Reiselivsminister Monica Mæland (H) spør dei unge om råd.

Regjeringa skal legge fram ei stortingsmelding om reiseliv i 2016. Det er 15 år sidan førre gjennomgang av norsk reiseliv. Reiseliv er ei av dei næringane som veks raskast i verda.

– Vi må tore å løfte blikket og sjå framover. Eg trur ungdommar har færre skylappar på enn vi som allereie arbeider med og i næringslivet. Dei unge kjem ofte med friske og gode idear og råd, seier næringsminister Monica Mæland (H).

Elevar og studentar i Troms, Sogn og Fjordane og Akershus er valde ut til å delta på gründercampar der dei skal utvikle idear om framtidas reiseliv. Næringsministeren har bedt Ungt Entreprenørskap om å bidra med å organisere dei unge sine innspel til meldinga.

­– Eg trur at tankane og kreativiteten til dei unge er eit viktig bidrag i arbeidet med ein ny reiselivspolitikk. Det er viktig å lytte til dei yngre generasjonane. Derfor spør vi om råd frå dei unge, seier Mæland.

Næringsministeren vil også bruke rapportar, forsking og innspel frå reiselivsaktørar i arbeidet med den nye reiselivsmeldinga.

– Det blir ein hektisk vår og haust med mange gode innspel både frå næringa og frå framtidige turistar. Eg gler meg til å møte reiselivet på heimebane og å få ein nær dialog med aktørane om korleis vi kan løfte Noreg som turistmål, seier Mæland.

Fakta om norsk reiseliv

  • Norsk reiselivsnæring har nesten 140 000 tilsette.
  • Samla årleg verdiskaping er på nesten 70 milliardar kroner.
  • Reiseliv står for fem prosent av verdiskapinga i norsk næringsliv.
  • Næringa har fem hovudbransjar: oppleving, servering, overnatting, transport og formidling.
  • Transport er størst målt i verdiskaping, med nesten halvparten av den samla verdiskapinga. Servering er størst målt i talet på tilsette, med nesten 50 000 tilsette.

(Kjelde: Verdiskapingsanalysen)

Fakta om Ungt Entreprenørskap

  • Ungt Entreprenørskap (UE) er ein ideell, landfemnande organisasjon.
  • I samspel med utdanningssystemet, næringslivet og andre aktørar arbeider UE for å utvikle barn og unge sin kreativitet, skaparglede og trua på seg sjølv.
  • Ungt Entreprenørskap er samansett av eit nasjonalt sekretariat (UE Norge) og 17 fylkesorganisasjonar.
  • Gründercamp er eit program med hovudvekt på kreativitet og nyskaping. Elevane får presentert eit reelt oppdrag, med ei definert problemstilling, som skal løysast innan eit gitt tidsrom. Gruppene presenterer løysingane for ein jury og det blir kåra ein vinnar. 

 (Kjelde: Ungt Entreprenørskap)