Historisk arkiv

Nytt norsk design- og arkitektursenter

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Statsbudsjettet 2014

For å styrkje innsatsen på design og arkitektur foreslår regjeringa å setje av 75,2 millionar kroner til Norsk design- og arkitektursenter i 2014.

For å styrkje innsatsen på design og arkitektur foreslår regjeringa å setje av 75,2 millionar kroner til Norsk design- og arkitektursenter i 2014.

Norsk design- og arkitektursenter er ei samanslåing av Norsk Designråd og Norsk Form.

–Det er mykje å hente på å arbeide tettare. I kryssinga mellom kultur og næring kan Norsk design- og arkitektursenter bli ein brubyggjar og bidragsytar for både kulturpolitiske og næringspolitiske mål. Den nye organisasjonen blir enda meir vital og slagkraftig, seier nærings- og handelsminister Trond Giske.

Norsk design- og arkitektursenter skal fremje forståing, kunnskap om og bruk av design og arkitektur ut i frå eit næringsmessig og samfunnsmessig perspektiv. Stiftinga skal fremje kvalitet og nytenking ved bruk av design og arkitektur for utvikling av omgivnad, produkt og teneste. Ho skal stimulera til innovasjon, effektivisering og auka verdiskaping i norsk næringsliv og offentleg sektor.

–God design og arkitektur bidrar til å løyse viktige utfordringar i samfunnet, anten det handlar om miljøvennlege bygg, kvalitet i utviklinga av tettstadar eller innovasjon i offentleg tenesteyting. Å jobbe tettare innanfor fagområda og mot ulike målgrupper trur eg vil utløyse ei fornya kraft, seier kulturminister Hadia Tajik.

Nærings- og handelsdepartementet, Kulturdepartementet og Næringslivets Hovedorganisasjon er stiftarar til Norsk design- og arkitektursenter. Stiftinga vil vere operativ frå 1. januar 2014. Staten sitt tilskot til den nye stiftinga vil gå over budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet.