Historisk arkiv

17. mai må feirast annleis i år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

- Over heile landet jobbar no 17. mai-komiteane med å planlegge ei annleis feiring av grunnlovsdagen, og eg er imponert over arbeidet dei gjer. Koronasituasjonen vil gjere feiringa i år meir dempa, men også i 2020 skal vi feire Grunnlova, folkestyret, fred og fridom på ein minneverdig måte, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja.

Foreløpige retningsliner for markering av 17. mai

Dei nasjonale smittevernråda gjer at barnetoga slik vi kjenner dei ikkje kan gjennomførast i år. Det same gjeld større feiringar på grendehus og skular.

Lokale musikkorps kan spele og marsjere om det ikkje følgjer menneske bak eller står mange tilskodarar langs vegen. Musikantane må halde to meters avstand.

Flaggheising og kransenedlegging kan gjennomførast med ei mindre mengd tilskodarar. Desse råda gjeld fram til 4. mai. Då vil vi kome attende med ei endeleg rettleiing for 17. mai-feiringa i 2020.     

- Når eg dei siste vekene har vore i kontakt med 17. mai-komitear rundt om i landet, blir eg imponert over kreativiteten og samarbeidet lokalt. Eg kjenner meg trygg på at feiringa er i dei beste hender, og saman vil vi presentere planer, forslag og idear den 27. april,  seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja.

Felles nasjonalsang
Klokka 13:00 på nasjonaldagen blir det salutt frå ni av Forsvarets anlegg, frå Fredriksten festning i sør til Vardøhus festning i nord. Kultur- og likestillingsministeren inviterer alle til å vere med på å synge "Ja, vi elsker dette landet" samstundes, rett etter salutten.

I år vil truleg fleire enn vanleg feire dagen heime. Og begge allmennkringkastarane er godt i gang med å planlegge sendingar frå heile landet.

- Etter å ha snakka både med NRK og TV2 om planane dei har for markeringa, er eg er viss på at det blir fullt muleg å oppleve nasjonal høgtidsstemning også heime frå sofaen, avsluttar kultur- og likestillingsministeren.