Statsbudsjettet 2021:

2250 millionar kroner i stimuleringsordningar til kultur, frivilligheit og idrett

Målet for regjeringa er å bidra til at kulturlivet, frivilligheita og idretten skal klare seg gjennom krisa vi no står i. Regjeringa foreslår derfor å løyve 2250 millionar kroner i stimuleringsmiddel til kultur, frivilligheit og idrett i samband med covid-19-utbrotet.

– Covid-19-pandemien har ramma kultursektoren hardt. Regjeringa vil derfor stimulere til aktivitet, for så mange som mogleg. Gjennom denne løyvinga reduserer vi uvissa for aktørane slik at dei kan gjennomføre arrangement. Vi må halde kulturen, frivilligheita og idretten i gang, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja.  

1185 millionar kroner skal gå til frivilligheit og idrett, medan 1065 millionar kroner skal gå til kultur. Løyvinga gjeld for første halvår 2021.

Stimuleringsordninga for kultursektoren skal bidra til eit tilgjengeleg kulturtilbod over heile landet. Ordninga vil vere ei vidareføring av stimuleringsordninga som blei oppretta 1. oktober. Ho skal bidra til aktivitet og stimulere til at dei ordinære mekanismane og transaksjonane i næringskjeda kjem i gang igjen. Målet er at ordninga skal bidra til høg aktivitet i norsk kulturliv, også etter at krisa er over.

–  Smitteverntiltaka i samband med pandemien har fått store konsekvensar for kultur-, frivilligheits- og idrettssektoren. Desse aktørane var blant dei første som måtte stenge ned og avbryte aktiviteten, og er truleg også blant dei siste som kan ta opp att normal verksemd, seier kultur- og likestillingsministeren.

Stimuleringsordninga for kultursektoren skal forvaltast av Norsk kulturråd, medan Lotteri- og stiftelsestilsynet skal forvalte ordninga for frivilligheit og idrett.