Historisk arkiv

52 millionar kroner ekstra til kyrkjebygg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

Regjeringa foreslår ei ekstraløyving på 52 millionar kroner i 2020 til tiltak for kulturhistorisk viktige kyrkjer frå før 1850. Løyvinga er ein del av regjeringas innsats for å få Noreg ut av koronakrisa.

– Vi skal skape meir og inkludere fleire. Eit viktig ledd i dette er tiltak for aktivitet og omstilling i bransjar og næringar som har særlege utfordringar, mellom anna byggebransjen, seier trusminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Undersøkingar viser at mange eldre kyrkjer har stort behov for å setjast i stand.

– Derfor føreslår vi no ekstra midlar til mellom anna sikring og istandsetting av vegger, tak og tårn, og utskifting av gamle el-anlegg og varmeomnar, seier Ropstad.

Noko av midlane skal også gå til kompetanseheving for murarar, knytt til rehabilitering av mellomalderkyrkjer i stein. Riksantikvaren og Den norske kyrkje vil hjelpe departementet i forvaltninga av tilskotsmidla. Tiltaka legg til grunn kommunal eigenandel, og gjeld dei nærare 1000 kyrkjene i Noreg som er bygde før 1850.

Ekstraløyvingar til kyrkjebygg er eit av fleire tiltak i regjeringa sin nye tiltakspakke i samband med koronakrisa. Føremålet med løyvinga, i tillegg til å setje i stand gamle kyrkjer, er å stimulere til aktivitet i byggsektoren og i handverksbedrifter med særleg kompetanse på kulturminneforvaltning.