Generalforsamling i NSB AS: Ny styreleiar og nytt styremedlem

Kai Henriksen blei under dagens generalforsamling for NSB AS vald til ny styreleiar. I tillegg trer Åsne Havnelid inn som nytt aksjonærvald styremedlem.

Bilde av Kai Henriksen
Kai Henriksen.
Foto: Otterdahl Jensen.
 
Bilde av Åsne Havnelid
Åsne Havnelid.
Foto: Røde Kors.

Kai Henriksen blei under dagens generalforsamling for NSB AS vald til ny styreleiar. I tillegg trer Åsne Havnelid inn som nytt aksjonærvald styremedlem.

Etter generalforsamlinga ser styret i NSB AS slik ut:

  • Leiar i styret Kai Henriksen (aksjonærvald)
  • Nestleiar i styret Bjarne Borgersen (aksjonærvald)
  • Styremedlem Tore Heldrup Rasmussen (aksjonærvald)
  • Styremedlem Wenche Teigland (aksjonærvald)
  • Styremedlem Åsne Havnelid (aksjonærvald)
  • Styremedlem Rolf Jørgensen (vald av de tilsette)
  • Styremedlem Audun Sør-Reime (vald av de tilsette)
  • Styremedlem Jan Audun Strand (vald av dei tilsette)

Kai Henriksen er i dag administrerande direktør i Vinmonopolet AS og har også brei erfaring frå kundeorientering og ulike styre- og styreleiarverv (blant anna i Fjellinjen, Delphi Consulting, Danske kapital AS og Spekter).

Åsne Havnelid er i dag generalsekretær i Norges Røde Kors. Ho har tidlegare blant anna vore direktør i Ski-VM 2011 AS.  Havnelid sit i dag i styret i Det Norske Teatret, og har tidlegare hatt fleire styreverv.

–Eg er svært godt nøgd med at Kai Henriksen og Åsne Havnelid no kjem inn i styret. Dei vil bidra til å styrkje styret i NSB både strategisk og i arbeidet med omstillingsprosessar. Styret er med dette godt rusta til å møte utfordringane som NSB vil møte i tida framover, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Ingeborg Moen Borgerud blei under generalforsamlinga takka av for god innsats som styreleiar i NSB AS dei siste ti åra.