Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Anbodskonkurranse om ny lufthamn i Mo i Rana kan lysast ut

– Regjeringa ønskjer eit godt flytilbod i heile landet. Ved Mo i Rana i Nordland er det teke eit spanande initiativ for å byggje ei ny lufthamn, og Polarsirkelen Lufthavnutvikling ønsker å lyse ut ein anbodskonkurranse om bygging. Det bekreftar eg no at dei står fritt til å gjere, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Det har vore eit sterkt lokalt ønske om ein ny lufthamn i Mo i Rana. Polarsirkelen Lufthavnutvikling (PLU) har dermed ønskt å lyse ut ein anbodskonkurranse om bygging av ei ny lufthamn ved Mo i Rana. Samferdselsministeren bekreftar no at PLU eller andre står fritt til å lyse ut ein slik anbodskokurranse.

I stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan 2018–2029 er det sett av eit statleg bidrag til ei ny lufthamn ved Mo i Rana i andre delen av planperioden, det vil seie i perioden 2024–2029. Dette betyr at ein anbodskonkurranse no skjer på PLU si eiga rekning og risiko. Det same gjeld ved ein eventuell byggjestart før Stortinget har løyvt midlar, seier Dale

Utbyggings- og driftsmodell for ei ny lufthamn ved Mo i Rana er ikkje avklart. PLU har ønskt at Avinor skal gje bistand til arbeidet og det bekreftar samferdselsministeren at dei kan be om på deira eiga rekning.

Til toppen