Historisk arkiv

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn ny juryleiar for Klarspråksprisen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Mangeårig journalist og sidan 2016 sjef for medieutdanninga ved Høgskulen i Volda, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, er oppnemnd som ny juryleiar for klarspråksprisane. Hovudprisen vert delt ut for tiande gong. Fristen for å nominere kandidatar er 1. februar 2019.

– I Audhild Gregoriusdatter Rotevatn har vi fått ein juryleiar som sjølv fekk utmerkingar for språkbruken sin. Ho er fagleg dyktig og særs oppteken av språk, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland. 

– Det er svært viktig å synleggjere og verdsetje framifrå språk i det offentlege. Eit godt, klart og tydeleg språk er ein del av infrastrukturen i demokratiet vårt. Godt språk legg til rette for deltaking i samfunnet og gjer det lettare å vere brukar av offentlege tenester. Eg er takksam for juryleiarvervet og ser fram til det spennande arbeidet, seier  Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn
Audhild Gregoriusdotter Rotevatn er ny juryleiar for Klarspråksprisen. Foto: Tone Solhaug/Høgskulen i Volda

Rotevatn og fire jurymedlemmer vil vurdere kandidatar for tre prisar. Klarspråksprisen for staten vert delt ut for tiande gongen. I tillegg er det for tredje gong lyst ut klarspråkspris for kommunar og fylkeskommunar. Og for femte gongen skal ei eldsjel i klarspråksarbeidet få  utmerkinga «Årets trekkhund». 

Fristen for å nominere kandidatar er 1. februar 2019. Klarspråksprisane vert tildelte offentlege verksemder som har gjort ein ekstraordinær innsats for å bruke eit skriftleg språk som er godt, klart og brukarvenleg.

Satsinga "Klarspråk – klart språk i staten" feirar tiårsjubileet i 2019. I september arrangerer Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) og Språkrådet den internasjonale klarspråkkonferansen i samarbeid med organisasjonen Plain Language Association International (PLAIN) som har medlemmer i meir enn 20 land.

Dette er juryen:

  • Audhild Gregoriusdotter Rotevatn (juryleder), dekan ved Avdeling for mediefag, Høgskulen i Volda
  • Anne Wie-Groenhof (representant for fjorårets vinnarar), fagdirektør i Helse- og omsorgsdepartementet
  • Jan Olav Fretland, dosent i norskdidaktikk, Høgskulen på Vestlandet
  • Kristin Høie Walstad, spesialrådgjevar (kommunikasjon), Stavanger kommune
  • Marcus Veinan, jusstudent (UiT - Norges arktiske universitet) og medarbeidar ved Jusshjelpa i Nord-Norge

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland deler ut prisane for 2018 27. mars 2019.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementets pressetelefon: 22 24 25 00