Statsbudsjettet 2021:

Auka satsing på barne- og ungdomskultur

Kultur for barn og unge er ei viktig prioritering, og derfor set regjeringa av 20 friske millionar kroner til formålet. Fleire av satsingane er knytt til arbeidet med ei barne- og ungdomskulturmelding som blir lagt fram våren 2021.

– Vi meiner barn og unge fortener like god tilgang til kunst og kultur som oss vaksne, og at dei skal ha eit godt og mangfaldig kunst- og kulturtilbod, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja.

Regjeringa vil at alle barn og unge skal ha høve til å oppleve kunst- og kulturuttrykk, uttrykke seg gjennom kunst og kultur og delta i kulturaktivitetar saman med andre. Dette skal skje innanfor trygge rammer og uavhengig av geografi, økonomi, religion, funksjonsnedsetting, seksuell orientering og kulturell bakgrunn.

12 millionar kroner er sett av til tiltak som skal presenterast nærmare i barne- og ungdomskulturmeldinga våren 2021:

  • 4 millionar kroner for å stimulere til fleire nyproduksjonar i Den kulturelle skulesekken
  • 4 millionar kroner for å styrke digitale verkemiddel på barne- og ungdomskulturfeltet
  • 4 millionar kroner for å stimulere kommunane til å integrere barne- og ungdomskultur i kommunal planlegging

Regjeringa foreslår i tillegg 1 million kroner til oppstart av arbeidet med ein nasjonal strategi for barn og media, samt 2,7 millionar kroner til ulike verksemder som har søkt om støtte til målretta barne- og ungdomstiltak, som til dømes Operaen i Kristiansund og Norsk Revyfaglig Senter.

Regjeringa foreslår å sette av 4 millionar kroner til å vidareføre Talent Norge si juniorsatsing, der målet er å bygge bru mellom unge talent frå 13 til 18 år og dei profesjonelle kunstnarane. Målet er å stimulere norske talent og gjere vegen mot profesjonelt virke tydelegare for både talenta og dei som ønsker å hjelpe dei.