Historisk arkiv

Auke på 24 prosent ga ny rekord for lærekontraktar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

I 2019 vart det inngått 23 000 nye lærekontraktar. Dette er ny rekord, og ein auke på 24 prosent frå 2012.

 – Landet skal byggjast for ei grønare og meir berekraftig framtid, men det skjer ikkje utan lærlingane. Difor vert eg glad for å sjå at så mange ungdommar fekk ein læreplass å gå til i fjor. Samstundes investerer bedriftene i seg sjølve, og det som er framtidas tilsette, seier kunnskaps- og integreringsminister Trine Skei Grande. 

Ni av ti består fag- og sveineprøva

I løpet av 2018/19 vart det avlagt 29 000 fag- og sveineprøver, 94 prosent av prøvene vart bestått. Frå 2011/12 har talet på beståtte fag- og sveinebrev auka med heile 26 prosent. I overkant av 27 000 oppnådde fagbrev i 2018/19. 17 100  fekk fag- eller sveinebrev som lærling, 9300 fekk fagbrevet som praksiskandidat, medan 870 elevar fekk eit brev etter fullført fagopplæring i skolen. 

 – Regjeringa har ei stor satsing på yrkesfag og lærlingar, men vi er ikkje i mål. Framleis er det for mange som slit med å fullføre opplæringa si, eller som ikkje får tilbod om læreplass. Difor er vi i gong med å lage ei ny stortingsmelding om vidaregåande opplæring  Her skal vi  sjå nærare på korleis vi kan få enda fleire til å begynne i lære for å oppnå relevant yrkeskompetanse og erfaring, seier Skei Grande. 

Dei private rekrutterer flest lærlingar

Størstdelen av lærlingane, cirka 73 prosent, fekk opplæring i privat sektor. Medan  kommunal sektor og statleg sektor stod til dømes for cirka 21 og  6  prosent av dei nye lærekontraktane. 

– Eg trur at alle er gode til noko, difor vil eg oppmode enda fleire arbeidsgjevarar om å gje ungdommar ein sjanse til å bidra som ressursar på arbeidsplassen. Her gjer næringslivet ein god jobb med å tilby ungdommar lærlingplassar, seier Skei Grande. 

image79jvq.png

Statistikken viser talet på nye lærlingar fordelt på sektor for perioden 2012-2019

Seks av ni utdanningsprogrammar aukar

I 2019 var det flest nye lærlingar i bygg- og anleggsteknikk og færrast nye lærlingar i naturbruk. For seks av ni utdanningsprogram auka talet på  lærlingar. Helse- og oppvekstfag har den største auken, med 1400 fleire nye lærlingar samanlikna med 2012. Samstundes er det ein nedgang i utdanningsprogrammet for design og handverk med 200 færre nye lærlingar. 

For meir statistikk sjå Utdanningsdirektoratets sider.