Aust-Agder museum får gåveforsterking

Kulturdepartementet fordeler no eit tilskot på 50 000 kroner i gåveforsterking til Aust-Agder museum og arkiv.

Tilskotet baserer seg på ei pengegåve frå Sparebanken Sør på 200 000 kroner.

- Aust-Agder museum arbeider godt mot private gjevarar. Gåveforsterkingsordninga skal bidra til at det systematiske arbeidet lønnar seg. Tilskotet bidrar til å styrkje viktige prosjekt, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

Gåveforsterkingsordninga for musea blei innført i 2014. Ordninga inneber at staten gir eit tilskot på 25 prosent i tillegg til pengegåver frå private gjevarar og stiftingar. Formålet er å stimulere til meir privat finansiering av kulturinstitusjonar. I 2016 blei ordninga utvida til å omfatte gåver til musikk, litteratur, scenekunst, visuell kunst og kulturbygg. Det er sett av 51,1 millionar kroner til ordninga på statsbudsjettet for 2017.

Gåva skal nyttast til utstillinga «Krakket - en fortiet historie». Dette er det fjerde tilskotet Aust-Agder museum og arkiv får frå gåveforsterkingsordninga.

Aust-Agder museum og arkiv er fylkesmuseum i Aust-Agder med hovudkontor i det nye bygget KUBEN i Arendal. Det er 55 årsverk ved museet, som hadde 49 648 besøkjande i 2015. Aust-Agder museum og arkiv får driftstilskot på 21,5 millionar kroner frå Kulturdepartementet i 2017.

Kontaktperson er direktør Jan Ledang, tlf. 37 01 79 36.