Historisk arkiv

Belønningsmidlar og byvekstavtaler: Nullvekst skal målast på ein ny måte

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet har bestemt at nullvekstmålet framover skal målast på ein ny måte. Det skal framleis vere nullvekst i personbiltrafikken med ein årlig vurdering av utviklinga. Trafikkutviklinga skal no målast over tre år der ein må ha netto nullvekst i personbiltrafikken i perioden. Nullvekstmålet er ein viktig del av byvekstavtaler og andre ordningar der staten bidreg til å finansiere lokale tiltak for betre framkome, kollektivtrafikk, sykkel og gange.

Dette går fram av brev til dei fire største byområda som staten i dag har eller nå forhandlar byvekstavtale med. For å få til ei meir føreseieleg gjennomføring og handtering av nullvekstmålet skal det frå no bli målt i eit tre års glidande snitt, heiter det.

- For å få midlar frå staten til å finansiere mellom anna store kollektivprosjekt må byområda forplikte seg til nullvekst i personbiltrafikken. Storbyområda tek med det på seg ei stor oppgåve. Målet om nullvekst i personbiltrafikken i avtaleperioden vil stå fast ved at det skal vere netto nullvekst. Endringa som kjem no garanterer at mindre variasjonar i biltrafikken årlig ikkje lenger automatisk reduserer det statlege bidraget. Eg veit at denne endringa er etterspurt av lokale politikarar, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

I tråd med bompengeavtalen til regjeringspartia skal nullvekstmålet vidareutviklast. Dette er eit pågåande arbeid som snart vil vere ferdig. Endringane i måten ein målar nullvekst gjeld frå no, og kan leggjast til grunn i den lokalpolitiske behandlinga av forslaget til ny byvekstavtale for Nord-Jæren, for Oslo og Akershus og for Bergensområdet. Endringane tas inn i ein tilleggsavtale til byvekstavtalen som er inngått for Trondheimsområdet.

Brev av 11.12.2019 til dei fire største byområda (pdf)