Historisk arkiv

Belønningsordninga: 285 millionar kroner til satsing på kollektivtransport, sykkel og gange i fire byområde

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Kristiansand, Buskerudbyen, Grenland og Nedre Glommaregionen får no utbetalt pengar i tråd med belønningsavtalane dei har inngått med staten.

– Eg er glad for at Kristiansand, Buskerudbyen, Grenland og Nedre Glommaregionen er på rett veg mot betre framkome og betre bymiljø. Fleire vel no kollektivtransport. Staten bidreg til å løfte fram lokale tiltak, og det er innbyggarane som er vinnarane, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Gjennom belønningsordninga bidreg staten med pengar til kollektivtransport, sykkel og gange som gir betre framkome, miljø, klima og helse i storbyområda. Ordninga bygger opp under tiltak som har effekt, og Samferdselsdepartementet har fått rapport om kva som er oppnådd i 2018 i dei aktuelle byområda.

Utviklinga i Kristiansand, Buskerudbyen, Grenland og Nedre Glommaregionen tilseier at desse områda får utbetalt pengar i 2019 i tråd med belønningsavtalane.

Utbetalingar for 2019

  • Kristiansand: 90 millionar kroner
  • Buskerudbyen: 80 millionar kroner
  • Grenland: 60 millionar kroner
  • Nedre Glommaregionen: 55 millionar kroner

Meir om vurderingar og utbetalingar i brev frå Samferdselsdepartementet til storbyområda (pdf)