Historisk arkiv

Ber om innspel til EU sin regulering av digitale plattformer

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

EU har starta arbeidet med å regulere dei digitale plattformene, som for eksempel Facebook og Amazon. Både EU-kommisjonen og regjeringa ber norske verksemder om å kome med innspel til prosessen.

Den planlagde reguleringa, som kallast Digital Services Act, blir ein viktig del av EU sin nye digitale strategi. Hensikta med reguleringa er blant anna å leggje til rette for sikker bruk av dei digitale plattformene og andre digitale tenester, vurdere plattformene sitt ansvar for innhald, deira funksjon som portvakt, ytringsfridom og forbrukarane sine rettar.

EU-kommisjonen opnar for at private og offentlege verksemder kan ta del i ein offentleg høyring (konsultasjon) på nett. Konsultasjonen er open til 8. september.

I tillegg vil regjeringa sende inn eit samla innspel til EU-kommisjonen. Kommunal- og moderniseringsdepartementet planlegg eit digitalt innspelmøte 28. august. Nærare informasjon og invitasjon til dette møtet kjem om kort tid.