Historisk arkiv

Berekraftige kommunar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Statsrådens innlegg på Kommunalbankens årskonferanse Berekraftige kommunar. Oslo konserthus torsdag 30. januar 2020.

Innleiing

2019 var eit historisk år. Ungdommar streika og demonstrerte over heile verda for ein betre klimapolitikk, eit ungdomsopprør rett og slett. Ei av dei som starta det heile og som for halvanna år sidan var fullstendig ukjent, er no kåra til Person of the year: Greta Thunberg.

No er vi i 2020. Og klimautfordringa er minst like brennande. Både fordi engasjementet haldast oppe, men også fordi vi ser stadig fleire eksempel på klimaendringar som pågår. I Australia er eit område på størrelse med Troms og Finnmark svidd av. Tusenvis er evakuerte, fleire titals har mista livet. Om lag ein milliard dyr og fuglar er ramma av det.

Folk er sjokkerte. Men det er det faktisk ingen grunn til å vere. Allereie i 2008 varsla forskarane oss om at med klimaendringane kom større risiko for tørke og større risiko for skogbrannar ute av kontroll.

Viss vi drar til den andre sida av jordkloden, nemleg her vi er no, er det ikkje store skogbrannar. Men det er ein januar i Sør-Noreg som eg trur dei fleste opplever som svært uvanleg mild, og kjenner ei uro rundt det. Ikkje først og fremst fordi dei ikkje får gå så mykje på ski som dei skulle ønske, men fordi dei lurer på om dette er permanent. Og ikkje minst: Er det mogleg å gjere noko med det?

Det som også har skjedd det siste halvtanna året er at det er kome ei rekkje rapportar frå FNs klimapanel, FNs naturpanel og andre, som svarar på det spørsmålet. Og det dei seier, er to ting:

Punkt ein: Ja, situasjonen er veldig alvorleg. Punkt to: Det er mogleg å gjere noko.  Men vi har dårleg tid.

Vi er kort oppsummert den første generasjonen som opplever klimaendringane på kroppen, og kanskje den siste som faktisk har moglegheita til å gjere noko med det.

Kva skal vi oppnå?

2020 er det som mange kallar eit "superår" for klimaet. Kvifor gjer dei det? Jo det er fordi vi i år, i likskap med alle andre land,  skal sende inn våre forsterka klimamål til FN. Vi er på veg mot 3 gradars oppvarming. Det er det vi kjem til å få viss landa i verda gjer det dei har sagt dei skal gjere. Og det går ikkje. Vi må under 2 gradar og ned mot 1,5. Derfor må alle love meir.

Noreg skal også love meir. Og alt skal summerast opp på klimatoppmøtet i Glasgow til hausten.

I tillegg er det ei rekkje nasjonale spørsmål som er viktige for klima og miljø. Det eine er ein debatt som handlar om grensa for petroleumsaktivitet i nord og spørsmålet om iskantsona. Det andre som er viktig å ha med, er regjeringas klimaplan for 2030 og utgreiinga Klimakur. Det skal eg straks kome tilbake til.

Det som skjer i år, er at Parisavtalen faktisk trer i kraft. Det er mange som tenker at den har begynt å gjelde for lenge sidan, men det har den ikkje. Den begynner å gjelde i år, frå 2020.

Det at USA vil trekkje seg ut frå Parisavtalen, er openbert eit problem. Men det er ingen andre som gjer det. Tvert imot. Det som skjedde i haust, var at Russland sa ja til å ratifisere Parisavtalen. Så alle verdas land er forplikta, og forhåpentlegvis kjem snart USA tilbake i folden.

Kva er det vi skal gjere i Noreg? Innan 2030 har vi forplikta oss til å kutte utsleppa våre med minst 40 prosent samanlikna med 1990. Det er eit lovfesta mål som står i klimalova og er meldt inn som vårt nasjonalt fastsette bidrag under Parisavtalen. Det skal vi gjere i samarbeid med EU.

Noko av det viktigaste min forgjengar gjorde, var å lande ein klimaavtale med nettopp EU. Den blei vedteken av Stortinget i fjor, og betyr at no er det ikkje berre kvotepliktig sektor – petroleumsindustrien, industri på land og luftfart – som er omfatta av europeiske klimakrav, no er heile norsk økonomi omfatta av klimakrav. Det betyr at vi for første gang har bindande klimamål.

Vi har hatt klimamål i Noreg lenge, dei er dessverre ofte blitt brotne, og så set politikarane berre eit nytt mål. Slik er det ikkje lenger. No har vi mål for 2030 som vil bli følgde opp av Efta-domstolen, av ESA. Vi kjem til å få eit utsleppsbudsjett frå 2021 til 2030, der vi kan bruke så og så mykje kvart år. Klarar vi ikkje det, er det ikkje slik at kravet forsvinn. Då følgjer det med til året etterpå med ein liten tilleggstraff.

No må vi nå klimamåla våre. Og det gjer vi med det som mange synest er heilt forferdeleg, nemleg overnasjonalt samarbeid. Det er for det første viktig generelt, men det er ikkje minst viktig for klima. Er det noko som er definisjonen av overnasjonale problem som vi må løyse saman, ikkje på kvar vår knaus, er det nettopp klima- og miljøspørsmål. Eg er glad for at Noreg no har forplikta seg til det og at vi er blitt ein del av EUs klimapolitikk fullt og heilt. Det legg eit stort press på oss.

Klimakur 2030

I morgon får vi Klimakur 2030. Den er forankra i Granavolden-erklæringa der vi bad Miljødirektoratet i lag med ei rekkje andre etatar som Vegvesenet, Kystverket og Statistisk sentralbyrå gi oss i regjeringa ein meny for korleis vi skal nå 2030-måla.

I morgon får eg ein diger bunke på mitt bord med den beste oppdaterte kunnskapen om korleis vi skal komme i mål med å kutte i landbruket, i skipsfarten, i oppvarming, i energiproduksjon, i transportnæringa. Det blir ei svær sak for meg og regjeringa å jobbe med framover. Og ikkje berre skal dei vise oss korleis vi skal kutte utslepp i alle sektorane, dei skal også så langt dei klarar setje ein pris på det.

Altså berekne kva som er det dyre klimatiltaket og kva som er det billege klimatiltaket. Korleis får vi mest klimakutt for pengane?

I den tida vi no går inn i, der vi vil få strammare offentlege budsjett fordi inntektene frå olje og gass kjem til å gå ned, og utgiftene til pensjon kjem til å gå opp, då må vi få mest mogleg klimakutt for pengane.

Derfor er kunnskapsgrunnlaget så viktig. Og så kjem det til å bli ein politisk prosess etter det, der rapporten skal ut på høyring slik at alle får uttale seg, og så skal regjeringa leggje fram ein plan til Stortinget, ei stortingsmelding med vårt syn om korleis vi skal nå klimamåla.

Kva kan kommunane gjere?

Kommunar og fylkeskommunar må ta eit val, i likskap med alle oss andre: Vil vi vere ein del av problemet eller ein del av løysinga? Mitt inntrykk er at dei aller fleste vil vere ein del av løysinga.

Fleire kommunar bruker berekraftsmåla som modell for samfunnsutvikling.

Når ambisiøs klimapolitikk, innovasjon, teknologi og marknadskrefter speler på lag, då kan du få resultat.

I tillegg til det eg nemnde, er det to andre saker som også kjem i 2020, som har betydning for kommunane sitt klima- og miljøarbeid:

Det eine er ein handlingsplan for grøne og innovative offentlege innkjøp. Det andre er nasjonal strategi for sirkulær økonomi.

Begge delar veit eg er noko som engasjerer kommunar og er krevjande for dykk, og som forhåpentleg kan gje dykk det verktøyet de treng.

Så er det slik at alle må med. Staten må bidra, kommunar, fylkeskommunar, privat næringsliv, kvar enkelt må bidra, og vi treng internasjonale avtalar og lokal handlekraft.

Mange av dykk går inn i nye og større kommunar. Og det er ikkje berre ein stor moglegheit for landets designarar og kommunikasjonsbyrå, men det er også ein stor moglegheit til å setje klima og berekraft på agendaen.

Det er få som har større makt over klima- og miljøpolitikken enn kommunane.

Kommunane sit på nøkkelen til arealplanlegging for ei klimasmart framtid. God arealplanlegging vil påverke forbruk, energibruk og utslepp, heile transportsystemet og korleis vi bruker skogen til å lagre karbon på best mogleg måte.

Kommunar planlegg, yter tenester, utøver myndigheit og gjer innkjøp med heile kommunebudsjettet som potensielt klimaverkemiddel.

Kommunar rår over eigedom og areal. De er ansvarlege for å legge til rette for gode stader å bu og for næringsutviklinga ein treng, altså grøn vekst og ikkje nullvekst. Kommunar er rollemodellar.

Med den sentrale rolla kan ikkje kommunen overlate klimaansvaret til enkeltpersonar og eldsjeler. Klima bør vere ein del av alle avgjerder kommunane tek.

Mange kommunar sett seg djerve mål og gjer konkrete grep som både kuttar utslepp og gjer livet betre for innbyggarane sine.

For å ta eit eksempel frå storbyane våre: Stavanger har lova å kutte utslepp med 80 prosent innan 2030, Oslo har lova å kutte 95 prosent innan 2030 og Bergen har lova å vere fossilfritt innan 2030. Det er djerve mål. Klarar dei det, vil det bidra stort til å løyse den nasjonale klimautfordringa.

Mange kommunar har også laga klimabudsjett, som er eit krevjande verkemiddel. Harstad har gjort det, Hamar har gjort det, for å halde høgt trykk i gjennomføringa av klimatiltak.

Klimarisiko

Eg tenkte også å seie noko om klimarisiko. Vi sette ned eit klimarisikoutval, som det første landet i verda.  Klimarisikoutvalet såg på klimarelaterte risikofaktorar og deira betydning for norsk økonomi og finansiell stabilitet.

Klimarisiko er to ting. Det kan vere fysisk klimarisiko, som er risiko for ras, flaum og andre ekstremverhendingar som jo dessverre mange kommunar opplever. I fjor var det dramatiske skred i Jølster der tidlegare statssekretærkollega Atle Hamar er busett. Han sat heime og endte plutseleg opp med å bruke båten sin for å redde folk.

Det er farleg det som skjer. Klimarisiko er også dyrt. Tørkesommaren i forfjor førte til at vi måtte betale avlingsskadeerstatning til bøndene på cirka to og ein halv milliard kroner. Det kan koste pengar med klimatiltak, men det kan også vere dyrt å la vere.

Norsk økonomi er også eksponert for klimarisiko, ikkje berre gjennom fysiske naturhendingar, men gjennom internasjonal ustabilitet. Fleire klimaflyktningar og ei uroleg verd er eksempel på det.

Dei som kan litt om historie, veit kor mykje konfliktar som er skapt om tilgang til vatn og bruk av areal. Dei store endringane vi ser, med elver som skiftar leie og havnivåstigning, kan føre til destabilisering av internasjonal økonomi.

Så det vi planlegg er å følgje opp denne rapporten. Vi vil arbeide vidare med å skaffe god informasjon om klimarisiko; korleis strammare klimapolitikk og klimaendringar påverkar framtidige investeringar, både offentlege og private.

Vi vil mellom anna stressteste offentlege finansar og nasjonalformue. Vi skal etablere scenario for olje, gass og CO2-prisar, inkludert eit scenario som reflekterer at vi faktisk når måla i Parisavtalen.

Eit anna viktig oppfølgingspunkt er å vurdere om kommunane i tilstrekkeleg grad tar omsyn til klimarisiko i arealplanlegginga si.

Alle kommunar må ta inn over seg konsekvensane av eit klima i endring når dei planlegg, men dei må òg ta inn over seg konsekvensane av ein strammare klimapolitikk. Eg veit at dette òg er noko mange i Kommunalbanken er opptatt av, og de har ei unik moglegheit til å setje dette på agendaen i møte med kommunane.

Rammeverket og ny politikk som kjem

Vi ønsker at det skal løne seg for alle å bidra til å nå klimamåla. Privatpersonar, bedrifter, men også kommunar.

Vi skal setje ein pris på utslepp gjennom kvotar og avgifter. Det kombinerer vi med reguleringar og støtteordningar som fremmar teknologisk utvikling.

Miljødirektoratet har lagt ned eit betydeleg arbeid, samen med fleire fylkesmenn, med å følgje opp klimaarbeidet i kommunane.

På oppdrag frå Klima- og miljødepartementet har direktoratet styrkt og forbetra arbeidet med å gi støtte og rettleie kommunane i klimaarbeidet. Det er noko mange etterlyser. Eg besøkte for eksempel Namsos kommune førre veka og snakka om klimaarbeid, og dei etterlyste meir hjelp og støtte for å ta viktige avgjerder. Dei treng meir kompetanse og kunnskap, og det kan Miljødirektoratet tilby.

I tillegg har Miljødirektoratet laga eit kommunefordelt klimagassrekneskap. Berre gå inn på internett og finn ut kor høge utslepp det er i din kommune. Du kan kanskje få deg nokre overraskingar.

Eg gjekk inn der i fjor og sjekka først Oslo. Oslo har utslepp på om lag 1 million tonn CO2 i året. Noreg har om lag 52 millionar tonn, så dette er ganske mykje. Men ein industrikommune som gamle Lindås kommune, med 13 – 14.000 innbyggarar, har 2,5 millionar tonn. 2,5 gangar så mykje som Oslo. For der ligg Mongstad. Vi snakkar mykje om transport og fly og mat, men industrien har store utslepp som vi også må klare å få ned.

Rekneskapet gir ein peikepinn om kvar det er potensial for å kutte utslepp i din kommune.

Arbeidet med å rettleie og støtte kommunane vil ha høg prioritet i heile forvaltninga framover.

I tillegg har det vore ei betydeleg oppbygging av Difi for å rettleie på klimavennlege offentlege innkjøp. Eg veit at mange synest offentlege innkjøp er vanskeleg, det er komplisert jus og lett å trå feil. Men der kan ein få god hjelp. Difi skal rettleie om korleis ein kan gjere grøne innkjøp. Vi kjøper varer og tenester for 500 milliardar kroner i året i offentleg sektor, det burde brukast i klimaets teneste der det er mogleg.

Klimavennlege innkjøp er viktig, og har gitt betydelege resultat. Frå utsleppsfrie byggeplassar til det som enda fleire har høyrt om, nemleg alle elferjene. I år aleine er det 23 ferjesamband som blir elektrifiserte. Fram mot 2022 kjem 80 elektriske ferjer til å vere i drift. Det bidreg til utsleppskutt, men ikkje minst til industriutvikling.

I motsetning til elbilane våre som blir teikna og produserte i Tyskland, USA og Korea, blir ferjene våre teikna og bygd i Noreg, og vi kan eksportere dei.

Ingen saknar diesellukta på dei nye elektriske ferjene. Det gjer ikkje eg heller. Men det som høyrer med på ferjene, det er svelelukta. Det ferjesambandet som ligg mitt hjarte nærast, er Lote-Anda i Nordfjord, Noregs første heilelektriske ferjesamband som kom i forfjor. Der tok batteria så mykje plass at det ikkje var plass til kjøkken der du kunne steike sveler. Men dei løyste det også – dei fann eit bakeri på Nordfjordeid som kunne steike sveler og levere dei til ferja. Så lukta er vekk – men svelene er der.

Regjeringa har styrkt fleire verkemiddel for innovative og grøne innkjøp dei siste åra. Difi, Nasjonalt program for leverandørutvikling, Innovasjon Norge, Forskingsrådet og KS har fått på plass gode samarbeid for å levere klimakutt.

Regjeringa la fram ei stortingsmelding om innkjøp 2019, og er som sagt i gang med ein handlingsplan for å auke den grøne delen av innkjøp.

 Avslutning

Til slutt: Klimapolitikk handlar om meir enn å kutte utslepp og få reinare luft her heime. Det handlar om vere med på å utvikle gode plassar å bu i dag, og om 30 år.

Kva vil kjenneteikne ein kommune som lykkast med å nå lågutsleppsamfunnet?

Det er ein kommune som legg til rette for sykkel og gange og transport med låge utslepp, med eit konkurransedyktig grønt næringsliv, god og trygg avfallshandtering og berekraftige bygg. Ein kommune som tek vare på naturen både i sentrum og utanfor sentrum. Ein kommune som har fått innbyggjarane til å spele på lag, der dei føler at dei er med på løysinga og ikkje står i vegen for den.  Kort sagt ein kommune som kan gi betre liv for alle.

Skal vi klare den enorme oppgåva det er å stoppe den globale oppvarminga, kan det ikkje vere slik at folk ser for seg verre liv, lågare løn, mindre velferdsstat, dårlegare tenester for seg og sin familie. Dei må sjå for seg det motsette. Det å gå heim igjen, skru av lyset, ta på seg ein genser og dusje i kaldt vatn er ikkje ein berekraftig klimadiskusjon. Derfor treng vi grøn vekst. Der er kommunane heilt sentrale, i samarbeid med næringslivet.

Det er jo i kommunane ein lever livet sitt. Parisavtalen er bygd opp nedanfrå og opp – og det må også den grøne omstillinga vere.

Mange vil seie at det har ikkje noko å seie kva eg gjer, kva min kommune gjer, mi bedrift, kva heile landet gjer. Vi er så små. Og det er sant.

Problemet er at det er sant for absolutt alle. Alle er for små.

Til og med Kina er for liten. Verdas største utsleppsnasjon med sine 30 prosent. Sjølv om dei gjer alt, vil ikkje verda klare å nå målet.

Så trøst dykk med det at, ja, de er små, men det er faktisk alle andre også. Men når alle gjer litt, då kan vi klare å nå klimamåla. Det er den einaste måten å komme i mål på. For kommunar, for bedrifter og for alle andre.

Takk for meg!