Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V)

Født: 1987
Tiltredde: 24.01.2020
Fratredde: 14.10.2021

Klima- og miljødepartementet (KLD) tek omsyn til heilskapen i regjeringas klima- og miljøpolitikk.

Rotevatn kom frå posisjonen som statssekretær i Klima- og miljødepartementet, som han hadde frå 12. oktober 2018. Han var valt inn på Stortinget frå Sogn og Fjordane i perioden 2013 – 2017, og vart statssekretær i Justisdepartementet 17.  januar 2018.  18. oktober 2020 vart han statssekretær i klima- og miljødepartementet, ein posisjon han hadde til han vart utnemnd som statsråd 24. januar 2020.

Rotevatn var representant for Sogn og Fjordane Venstre på Stortinget i perioden 2013-2017. Før dette var han leiar i Unge Venstre (2010–2013).

Rotevatn har hatt ei rekkje verv i Venstre, mellom anna som representant i Eid kommunestyre, medlem av sentralstyret og 1. nestleiar. Han har og vore styremedlem i fylkeslaget og økonomiansvarleg i Bergen Unge Venstre.