Betre marknadstilgang for norsk sjømat i EU

Noreg og EU har i dag skrive under ei ny avtale om tollfrie kvotar for norsk sjømat.

Signeringen av avtalen i Brüssle
Her signeres avtalen i Brüssel Foto: Anders Aalbu

– EU er vår viktigaste marknad og det har stor betyding for norsk sjømatnæring at vi får på plass fleire tollfrie kvotar, seier fiskeriminister Per Sandberg.

Noreg og EU blei i juli 2015 einige om nye norske tilskot til sosial og økonomisk utjamning i Europa og ei ny avtale om marknadstilgang for norsk sjømat på EU-marknaden. Avtalane blei formelt skrive under i Brussel i dag. 

Avtala inneber at EU opnar nye tollfrie kvotar for filet  og tilverka produkt som frosen makrell og fersk sild. Avtala inneber også at den noverande kvota for krydder- og eddiksild aukar med nærare 50 prosent. Avtaleperioden er forlenga frå fem til sju år (2014-2021). 

 Før avtalane formelt vert sett i verk må dei godkjennast i Stortinget og av medlemslanda i EU. EU vil opne dei nye tollfrie kvotane på førebels grunnlag, tre månader etter at Noreg har informert EU om Stortingets godkjenning av avtalane.