Historisk arkiv

Betre psykisk helsehjelp for barn i barnevernet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet

Regjeringa held fram å styrke innsatsen for dei mest utsette barn og unge. No vert det sett i gang fleire tiltak som skal gi raskare hjelp frå både barnevernet og barne- og ungdomspsykiatrien.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) og barne- og likestillingsminister Solveig Horne (FrP) vil mellom anna ha eigne barnevernsansvarlege i psykisk helsevern, eigne omsorgs- og behandlingsinstitusjonar for dei som treng omsorg utanfor heimen saman med hjelp frå helsetenesta, og utvikle system som sikrar at fosterbarn og andre barn i barnevernet tidleg blir utgreia for psykiske helseplager.

- Barn i barnevernet som treng hjelp frå det psykiske helsevernet opplever ofte å ikkje få den hjelpa dei treng. Dei fell mellom to stolar. Dette er alvorleg. Vi må gi barn og unge rett hjelp til rett tid, seier Solveig Horne.

Forsking viser at tre av fire barn og unge i barnevernsinstitusjon og halvparten av barn i fosterheim har psykiske lidingar.

- Ein god barndom varer livet ut og då er det viktig med tidleg innsats og betre samarbeid på tvers av tenestene. Vi må tenke "både òg" ikkje "enten eller", seier Bent Høie.

Regjeringa vil halde fram satsinga på helsetenester til barn i barnevernet, inkludert satsinga på betre psykisk helsehjelp frå 2015 og 2016. Mellom anna skal alle barnevernsinstitusjonane ha ein eigen helseansvarlig.

For å styrke hjelpa til sårbare barn ytterlegare, og møte utfordringane knytt til samarbeid mellom barnevernet og det psykiske helsevernet, vil regjeringa:

• Ha eigne barnevernsansvarlege i psykisk helsevern for barn og unge frå hausten 2017. Dei skal etablere ein kontakt for barnevernet i psykisk helsevern som kan bidra med generelle råd og rettleiing mellom anna til tilsette i barnevernsinstitusjonane. Dei barnevernsansvarlege vil kunne vere en døropnar til psykisk helsevern når barn i barnevernet treng psykisk helsehjelp, og bidra til betre kompetanse om barnevernet og barnevernsbarn i psykisk helsevern.

• Styrke ambulante tenester frå barne- og ungdomspsykiatrien (BUP) i barnevernsinstitusjonane frå hausten 2017. Dette for å sikre alle barn i barnevernsinstitusjonar nødvendig behandling der dei bur. Dette er særleg viktig når barnet sjølv ikkje ønsker å reise til behandling ved eit kontor. Det vil bidra til at barnet får heilskapleg omsorg og hjelp. Det vil òg sikre at tilsette i barnevernsinstitusjonane får konkret rettleiing frå psykisk helsevern.

• Ha eigne omsorgs- og behandlingsinstitusjonar for barn som treng omsorg utanfor heimen saman med hjelp frå helsetenesta. Dette er ei gruppe barn det i dag ikkje finnast eit heilskapleg tilbod til. Målgruppa er dei alvorlegast sjuke barna i barnevernet. Dei manglar eit godt statleg tilbod i dag. Institusjonane skal regulerast i barnevernslova, der psykisk helsevern er forplikta til å gi helsehjelp i det omfang og på den måten som trengs for det enkelte barn. Personell frå psykisk helsevern skal arbeide i institusjonane. Erfaringane frå heimesjukehus for barn i andre delar av helsetenesta skal ligge til grunn for tilbodet. Regjeringa tek sikte på å utpeike ein barnevernsinstitusjon i to regionar i 2018 og at ordninga blir landsomfattande i 2020.

• Utvikle modellar og system som sikrar at fosterbarn og andre barn i barnevernet tidleg blir utgreia for psykiske helseplager, slik at dei får nødvendig helsehjelp kombinert med tiltak frå barnevernet.

• Legge til rette for bruk av digitale verktøy i behandlinga av barn i barnevernsinstitusjon. Dette vil bidra til at barnet er i kontakt med sin behandlar sjølv om dei ikkje møtes fysisk.

• Utarbeide nasjonale føringar for innhald i samarbeidsavtalar mellom kommunalt og statleg barnevern, kommune og spesialisthelseteneste, for å understøtte at det er behov for og nødvendig med samarbeid.