Bompengereform: 60 bompengeselskap har no blitt 5

- Effektiviseringen av bompengesektoren fortset. I dag signerte vi avtale med Bompengeselskap Nord AS som det siste av totalt fem regionale bompengeselskap. Med dette går vi frå om lag 60 til 5 bompengeselskap. Ein viktig milepæl i bompengereforma er nådd, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Bompengesignering
Bompengeavtale signert med Bompengeselskap Nord AS. F.v. Britt Skinstad Nordlund, nestleder i selskapet, Erling Adelstein Bortne, daglig leder i selskapet, samferdselsminister Jon Georg Dale og Frode Espen Enoksen, styreleder i selskapet. Foto: SD/Henrik Jonassen

Fylkeskommunane Nordland, Troms og Finnmark eig Bompengeselskap Nord AS 100 prosent. Styreleder Frode Espen Enoksen og daglig leder Erling Adelstein Bortne signerte avtalen for selskapet. Samferdselsministeren signerte på vegne av departementet.

- Bompengereformen skal gi ein meir effektiv og brukarvenleg bompengeinnkrevjing. Reforma set og tydelege rammar for bruk av bompengar, som berre skal nyttas til det aktuelle formålet. Samstundes sørger den for at bompengane nyttast til formålet, seier Dale.

Ved å gå frå 60 til 5 selskap er det no gjennomgående profesjonelle selskap. Dei vil fokusere på effektivisering og ha høve til å spare pengar ved stordriftfordelar.

- I tillegg til dette sørger vi for reduserte bompengetakstar utanfor byområda. For neste år foreslår vi ei løyving på 531,4­ millionar kroner. Med det verttakstane satt ned med 10 prosent i fleire prosjekt. Då blir det mindre bompengebelastning for mange bilistar, seier samferdselsministeren.

Til toppen