103 millionar kroner meir i frie inntekter til Sogn og Fjordane neste år

Regjeringa foreslår ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på 4,075 milliardar kroner i 2017. Det gir kommunane eit godt rom for å tilby betre tenester til innbyggarane, og vil bidra til nye moglegheiter og større tryggleik for mange.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2016 til 2017. Veksten er rekna frå oppdatert overslag på frie inntekter for 2016. Dette overslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2016 på 3,8 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2017. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2016 til 2017 verte høgare enn tabellen viser. Overslaget på dei frie inntektene i 2017 vert ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstillskotet og endringar i inntektssystemet. For små kommunar kan mindre endringar gi store utslag i vekstprosenten.

KommuneOverslag 
på frie inntekter 2017 
(1 000 kr)
Vekst i 2017 rekna frå overslag på frie inntekter 2016Vedlikehalds- tilskot
    Nominelle kroner
(1000 kr)
Prosent (1 000 kr)
  1 2 3 4
         
1401 Flora 656 985 11 575 1,8  
1411 Gulen 163 889 1 492 0,9  
1412 Solund 66 509 3 110 4,9  
1413 Hyllestad 99 694 2 102 2,2  
1416 Høyanger 253 135 3 863 1,5  
1417 Vik 176 782 8 499 5,1  
1418 Balestrand 94 377 1 531 1,6  
1419 Leikanger 132 786 2 651 2,0  
1420 Sogndal 401 729 7 665 1,9  
1421 Aurland 118 078 1 739 1,5  
1422 Lærdal 138 137 2 148 1,6  
1424 Årdal 301 974 9 868 3,4  
1426 Luster 307 992 4 800 1,6  
1428 Askvoll 194 529 4 926 2,6  
1429 Fjaler 197 577 8 697 4,6  
1430 Gaular 186 249 2 812 1,5  
1431 Jølster 188 244 2 953 1,6  
1432 Førde 687 799 18 615 2,8  
1433 Naustdal 174 797 2 276 1,3  
1438 Bremanger 255 873 2 521 1,0 861
1439 Vågsøy 344 093 1 970 0,6  
1441 Selje 172 847 5 158 3,1  
1443 Eid 324 786 5 764 1,8  
1444 Hornindal 83 350 1 004 1,2  
1445 Gloppen 353 766 8 013 2,3  
1449 Stryn 415 391 9 914 2,4  
Fordelast gjennom året 6 550      
Sogn og Fjordane 6 497 918 132 247 2,1 861
         
Sogn og Fjordane fylkeskommune 2 327 395 -29 155 -1,2  

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2017, målt i 1000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå overslag på rekneskap for 2016 til nasjonalbudsjettet 2017 målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.

Fjerde kolonne:
Regjeringa føreslår eit tilskot til kommunane på Sør- og Vestlandet på 650 millionar kroner til vedlikehald og rehabilitering av veg, bygg og anlegg i 2017. Midlane kjem i tillegg til veksten i kommunane sine inntekter og er fordelt til kommunar i Aust- og Vest-Agder, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal som har høgare arbeidsløyse enn gjennomsnittet for landet. 250 mill. kroner vil bli vurdert på nyåret når ein ser utviklinga i arbeidsløysa. Kolonne 4 viser den einskilde kommune sin del av tilskotet.