Historisk arkiv

147 millionar kroner meir i frie inntekter til Finnmark neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa foreslår ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på 4,075 milliardar kroner i 2017. Det gir kommunane eit godt rom for å tilby betre tenester til innbyggarane, og vil bidra til nye moglegheiter og større tryggleik for mange.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Finnmark og Finnmark fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2016 til 2017. Veksten er rekna frå oppdatert overslag på frie inntekter for 2016. Dette overslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2016 på 3,8 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2017. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2016 til 2017 verte høgare enn tabellen viser. Overslaget på dei frie inntektene i 2017 vert ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstillskotet og endringar i inntektssystemet. For små kommunar kan mindre endringar gi store utslag i vekstprosenten.

KommuneOverslag 
på frie inntekter 2017 
(1 000 kr)
Vekst frå overslag
på rekneskap 2016-2017
     Nominelle kroner (1000 kr)  Prosent
  1 2 3
        
2002 Vardø 152 475 7 285 5,0
2003 Vadsø 364 051 5 934 1,7
2004 Hammerfest 621 959 12 468 2,0
2011 Kautokeino 219 876 7 520 3,5
2012 Alta 1 227 700 27 029 2,3
2014 Loppa 94 582 -1 240 -1,3
2015 Hasvik 92 442 2 641 2,9
2017 Kvalsund 95 600 972 1,0
2018 Måsøy 103 277 2 214 2,2
2019 Nordkapp 211 959 4 819 2,3
2020 Porsanger 248 754 8 616 3,6
2021 Karasjok 187 836 2 286 1,2
2022 Lebesby 119 290 1 934 1,6
2023 Gamvik 96 288 3 007 3,2
2024 Berlevåg 88 356 3 617 4,3
2025 Tana 210 575 2 457 1,2
2027 Nesseby 90 701 4 823 5,6
2028 Båtsfjord 152 616 3 507 2,4
2030 Sør-Varanger 599 814 9 836 1,7
Fordelast gjennom året 10 000    
Finnmark 4 988 151 107 725 2,2
       
Finnmark fylkeskommune 1 583 841 38 878 2,5

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2017, målt i 1000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå overslag på rekneskap for 2016 til nasjonalbudsjettet 2017 målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.