176 millionar kroner meir i frie inntekter til Nord-Trøndelag neste år

Regjeringa foreslår ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på 4,075 milliardar kroner i 2017. Det gir kommunane eit godt rom for å tilby betre tenester til innbyggarane, og vil bidra til nye moglegheiter og større tryggleik for mange.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Nord-Trøndelag og Nord-Trøndelag fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2016 til 2017. Veksten er rekna frå oppdatert overslag på frie inntekter for 2016. Dette overslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2016 på 3,8 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2017. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2016 til 2017 verte høgare enn tabellen viser. Overslaget på dei frie inntektene i 2017 vert ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstillskotet og endringar i inntektssystemet. For små kommunar kan mindre endringar gi store utslag i vekstprosenten.

KommuneOverslag 
på frie inntekter 2017 
(1 000 kr)
Vekst frå overslag
på rekneskap 2016-2017
     Nominelle kroner (1000 kr)  Prosent
  1 2 3
        
1702 Steinkjer 1 148 176 22 523 2,0
1703 Namsos 716 931 11 616 1,6
1711 Meråker 159 540 5 189 3,4
1714 Stjørdal 884 906 13 828 1,6
1717 Frosta 159 648 1 847 1,2
1718 Leksvik 227 376 1 747 0,8
1719 Levanger 1 002 121 13 800 1,4
1721 Verdal 772 181 13 723 1,8
1724 Verran 153 991 1 104 0,7
1725 Namdalseid 119 160 4 241 3,7
1736 Snåsa 139 252 1 598 1,2
1738 Lierne 113 554 1 573 1,4
1739 Røyrvik 47 568 1 924 4,2
1740 Namsskogan 75 727 1 475 2,0
1742 Grong 161 820 3 455 2,2
1743 Høylandet 101 266 2 166 2,2
1744 Overhalla 231 640 3 531 1,5
1748 Fosnes 56 386 2 284 4,2
1749 Flatanger 79 393 377 0,5
1750 Vikna 259 069 4 439 1,7
1751 Nærøy 303 861 7 274 2,5
1755 Leka 52 011 1 449 2,9
1756 Inderøy 386 576 9 015 2,4
Fordelast gjennom året 20 000    
Nord-Trøndelag 7 372 151 128 677 1,8
       
Nord-Trøndelag fylkeskommune 2 235 107 47 651 2,2

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2017, målt i 1000 kroner.

Andre kolonne:

Viser overslag på vekst frå overslag på rekneskap for 2016 til nasjonalbudsjettet 2017 målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.