Historisk arkiv

191 millionar kroner meir i frie inntekter til Aust-Agder neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa foreslår ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på 4,075 milliardar kroner i 2017. Det gir kommunane eit godt rom for å tilby betre tenester til innbyggarane, og vil bidra til nye moglegheiter og større tryggleik for mange.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Aust-Agder og Aust-Agder fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2016 til 2017. Veksten er rekna frå oppdatert overslag på frie inntekter for 2016. Dette overslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2016 på 3,8 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2017. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2016 til 2017 verte høgare enn tabellen viser. Overslaget på dei frie inntektene i 2017 vert ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstillskotet og endringar i inntektssystemet. For små kommunar kan mindre endringar gi store utslag i vekstprosenten.

KommuneOverslag 
på frie inntekter 2017
Vekst i 2017 rekna frå overslag på frie inntekter 2016Vedlikehalds- tilskot
   (1000 kr) Nominelle kroner
(1000 kr)
Prosent (1 000 kr)
  1 2 3 4
         
0901 Risør 373 791 9 665 2,7 2 414
0904 Grimstad 1 151 588 35 095 3,1 5 203
0906 Arendal 2 240 901 69 709 3,2 16 278
0911 Gjerstad 150 370 2 697 1,8 773
0912 Vegårshei 133 414 1 587 1,2  
0914 Tvedestrand 339 009 7 436 2,2 1 948
0919 Froland 304 051 5 349 1,8 812
0926 Lillesand 380 782 13 854 3,8  
0928 Birkenes 283 604 5 075 1,8 741
0929 Åmli 133 195 5 289 4,1  
0935 Iveland 89 396 1 161 1,3  
0937 Evje og Hornnes 203 697 5 497 2,8  
0938 Bygland 89 841 1 819 2,1  
0940 Valle 87 042 1 256 1,5  
0941 Bykle 80 584 1 015 1,3  
Fordelast gjennom året 6 800      
Aust-Agder 6 048 065 169 602 2,9 28 169
         
Aust-Agder fylkeskommune 1 505 504 21 074 1,4  

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2017, målt i 1000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå overslag på rekneskap for 2016 til nasjonalbudsjettet 2017 målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.

Fjerde kolonne:
Regjeringa føreslår eit tilskot til kommunane på Sør- og Vestlandet på 650 millionar kroner til vedlikehald og rehabilitering av veg, bygg og anlegg i 2017. Midlane kjem i tillegg til veksten i kommunane sine inntekter og er fordelt til kommunar i Aust- og Vest-Agder, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal som har høgare arbeidsløyse enn gjennomsnittet for landet. 250 mill. kroner vil bli vurdert på nyåret når ein ser utviklinga i arbeidsløysa. Kolonne 4 viser den einskilde kommune sin del av tilskotet.