Historisk arkiv

234 millionar kroner meir i frie inntekter til Troms neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa foreslår ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på 4,075 milliardar kroner i 2017. Det gir kommunane eit godt rom for å tilby betre tenester til innbyggarane, og vil bidra til nye moglegheiter og større tryggleik for mange.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Troms og Troms fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2016 til 2017. Veksten er rekna frå oppdatert overslag på frie inntekter for 2016. Dette overslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2016 på 3,8 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2017. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2016 til 2017 verte høgare enn tabellen viser. Overslaget på dei frie inntektene i 2017 vert ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstillskotet og endringar i inntektssystemet. For små kommunar kan mindre endringar gi store utslag i vekstprosenten.

KommuneOverslag 
på frie inntekter 2017 
(1 000 kr)
Vekst frå overslag
på rekneskap 2016-2017
     Nominelle kroner (1000 kr)  Prosent
  1 2 3
        
1902 Tromsø 3 720 621 83 491 2,3
1903 Harstad 1 334 397 34 154 2,6
1911 Kvæfjord 200 882 2 557 1,3
1913 Skånland 198 962 3 004 1,5
1917 Ibestad 106 518 1 583 1,5
1919 Gratangen 88 716 1 363 1,6
1920 Lavangen 89 805 6 396 7,7
1922 Bardu 234 249 3 078 1,3
1923 Salangen 142 567 1 505 1,1
1924 Målselv 382 589 6 046 1,6
1925 Sørreisa 202 607 3 084 1,5
1926 Dyrøy 95 276 4 409 4,9
1927 Tranøy 119 254 1 221 1,0
1928 Torsken 81 984 4 577 5,9
1929 Berg 70 133 2 816 4,2
1931 Lenvik 691 159 10 733 1,6
1933 Balsfjord 346 316 5 220 1,5
1936 Karlsøy 165 321 2 834 1,7
1938 Lyngen 214 608 1 902 0,9
1939 Storfjord 140 323 3 457 2,5
1940 Kåfjord 155 160 3 958 2,6
1941 Skjervøy 189 463 -690 -0,4
1942 Nordreisa 294 448 3 953 1,4
1943 Kvænangen 110 877 4 006 3,7
Fordelast gjennom året 10 610    
Troms 9 386 843 193 266 2,1
       
Troms fylkeskommune 3 006 222 41 161 1,4

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2017, målt i 1000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå overslag på rekneskap for 2016 til nasjonalbudsjettet 2017 målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.