271 millionar kroner meir i frie inntekter til Telemark neste år

Regjeringa foreslår ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på 4,075 milliardar kroner i 2017. Det gir kommunane eit godt rom for å tilby betre tenester til innbyggarane, og vil bidra til nye moglegheiter og større tryggleik for mange.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Telemark og Telemark fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2016 til 2017. Veksten er rekna frå oppdatert overslag på frie inntekter for 2016. Dette overslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2016 på 3,8 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2017. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2016 til 2017 verte høgare enn tabellen viser. Overslaget på dei frie inntektene i 2017 vert ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstillskotet og endringar i inntektssystemet. For små kommunar kan mindre endringar gi store utslag i vekstprosenten.

KommuneOverslag 
på frie inntekter 2017 
Vekst frå overslag
på rekneskap 2016-2017
   (1000 kr)  Nominelle kroner (1000 kr)  Prosent
  1 2 3
        
0805 Porsgrunn 1 793 428 39 231 2,2
0806 Skien 2 736 425 87 279 3,3
0807 Notodden 700 270 9 957 1,4
0811 Siljan 133 231 2 229 1,7
0814 Bamble 702 850 13 635 2,0
0815 Kragerø 570 958 15 785 2,8
0817 Drangedal 250 524 6 138 2,5
0819 Nome 364 835 8 744 2,5
0821 Bø 328 833 7 153 2,2
0822 Sauherad 238 497 4 150 1,8
0826 Tinn 357 844 4 836 1,4
0827 Hjartdal 111 007 1 338 1,2
0828 Seljord 181 528 3 305 1,9
0829 Kviteseid 152 180 1 890 1,3
0830 Nissedal 99 308 1 789 1,8
0831 Fyresdal 95 778 5 678 6,3
0833 Tokke 143 164 2 400 1,7
0834 Vinje 230 060 4 701 2,1
Fordelast gjennom året 12 800    
Telemark 9 203 520 220 638 2,5
       
Telemark fylkeskommune 2 105 933 50 499 2,5

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2017, målt i 1000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå overslag på rekneskap for 2016 til nasjonalbudsjettet 2017 målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.