281 millionar kroner meir i frie inntekter til Oppland neste år

Regjeringa foreslår ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på 4,075 milliardar kroner i 2017. Det gir kommunane eit godt rom for å tilby betre tenester til innbyggarane, og vil bidra til nye moglegheiter og større tryggleik for mange.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Oppland og Oppland fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2016 til 2017. Veksten er rekna frå oppdatert overslag på frie inntekter for 2016. Dette overslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2016 på 3,8 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2017. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2016 til 2017 verte høgare enn tabellen viser. Overslaget på dei frie inntektene i 2017 vert ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstillskotet og endringar i inntektssystemet. For små kommunar kan mindre endringar gi store utslag i vekstprosenten.

KommuneOverslag 
på frie inntekter 2017
Vekst frå overslag
på rekneskap 2016-2017
   (1000 kr)  Nominelle kroner (1000 kr)  Prosent
  1 2 3
        
0501 Lillehammer 1 387 901 32 825 2,4
0502 Gjøvik 1 517 878 53 993 3,7
0511 Dovre 164 867 4 225 2,6
0512 Lesja 135 313 1 762 1,3
0513 Skjåk 135 023 3 279 2,5
0514 Lom 140 599 4 343 3,2
0515 Vågå 222 464 7 750 3,6
0516 Nord-Fron 324 170 6 793 2,1
0517 Sel 342 352 5 485 1,6
0519 Sør-Fron 183 097 2 717 1,5
0520 Ringebu 259 447 4 397 1,7
0521 Øyer 267 355 7 086 2,7
0522 Gausdal 336 493 4 531 1,4
0528 Østre Toten 775 773 18 104 2,4
0529 Vestre Toten 668 183 11 577 1,8
0532 Jevnaker 343 865 12 715 3,8
0533 Lunner 470 099 10 833 2,4
0534 Gran 728 627 15 774 2,2
0536 Søndre Land 311 458 9 745 3,2
0538 Nordre Land 372 553 8 094 2,2
0540 Sør-Aurdal 199 119 3 481 1,8
0541 Etnedal 100 008 1 148 1,2
0542 Nord-Aurdal 346 927 6 381 1,9
0543 Vestre Slidre 131 206 2 233 1,7
0544 Øystre Slidre 187 193 3 188 1,7
0545 Vang 106 081 1 570 1,5
Fordelast gjennom året 18 000    
Oppland 10 176 050 240 328 2,4
       
Oppland fylkeskommune 2 507 167 40 177 1,6

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2017, målt i 1000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå overslag på rekneskap for 2016 til nasjonalbudsjettet 2017 målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.