Historisk arkiv

318 millionar kroner meir i frie inntekter til Hedmark neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa foreslår ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på 4,075 milliardar kroner i 2017. Det gir kommunane eit godt rom for å tilby betre tenester til innbyggarane, og vil bidra til nye moglegheiter og større tryggleik for mange.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Hedmark og Hedmark fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2016 til 2017. Veksten er rekna frå oppdatert overslag på frie inntekter for 2016. Dette overslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2016 på 3,8 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2017. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2016 til 2017 verte høgare enn tabellen viser. Overslaget på dei frie inntektene i 2017 vert ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstillskotet og endringar i inntektssystemet. For små kommunar kan mindre endringar gi store utslag i vekstprosenten.

KommuneOverslag 
på frie inntekter 2017
Vekst frå overslag
på rekneskap 2016-2017
   (1000 kr)  Nominelle kroner (1000 kr)  Prosent
  1 2 3
        
0402 Kongsvinger 944 065 54 256 6,1
0403 Hamar 1 537 214 48 885 3,3
0412 Ringsaker 1 697 240 32 885 2,0
0415 Løten 395 012 11 267 2,9
0417 Stange 1 018 182 28 020 2,8
0418 Nord-Odal 292 927 10 978 3,9
0419 Sør-Odal 404 205 7 718 1,9
0420 Eidskog 355 794 6 361 1,8
0423 Grue 279 780 2 200 0,8
0425 Åsnes 428 118 5 126 1,2
0426 Våler 217 523 3 911 1,8
0427 Elverum 1 079 745 29 003 2,8
0428 Trysil 383 879 6 084 1,6
0429 Åmot 258 300 4 558 1,8
0430 Stor-Elvdal 164 328 6 402 4,1
0432 Rendalen 128 961 1 536 1,2
0434 Engerdal 101 091 685 0,7
0436 Tolga 111 710 1 594 1,4
0437 Tynset 331 584 5 113 1,6
0438 Alvdal 153 378 3 634 2,4
0439 Folldal 109 532 6 341 6,1
0441 Os 128 667 1 333 1,0
Fordelast gjennom året 16 060    
Hedmark 10 537 294 278 852 2,7
       
Hedmark fylkeskommune 2 538 902 39 028 1,6

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2017, målt i 1000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå overslag på rekneskap for 2016 til nasjonalbudsjettet 2017 målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.