Historisk arkiv

326 millionar kroner meir i frie inntekter til Vest-Agder neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa foreslår ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på 4,075 milliardar kroner i 2017. Det gir kommunane eit godt rom for å tilby betre tenester til innbyggarane, og vil bidra til nye moglegheiter og større tryggleik for mange.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Vest-Agder og Vest-Agder fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2016 til 2017. Veksten er rekna frå oppdatert overslag på frie inntekter for 2016. Dette overslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2016 på 3,8 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2017. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2016 til 2017 verte høgare enn tabellen viser. Overslaget på dei frie inntektene i 2017 vert ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstillskotet og endringar i inntektssystemet. For små kommunar kan mindre endringar gi store utslag i vekstprosenten.

KommuneOverslag 
på frie inntekter 2017 
Vekst i 2017 rekna frå overslag på frie inntekter 2016Vedlikehalds- tilskot
   (1 000 kr) Nominelle kroner
(1000 kr)
Prosent (1 000 kr)
  1 2 3 4
         
1001 Kristiansand 4 512 536 161 810 3,7 29 557
1002 Mandal 815 972 15 970 2,0  
1003 Farsund 504 225 8 831 1,8 277
1004 Flekkefjord 522 369 11 806 2,3 266
1014 Vennesla 746 901 19 267 2,6 4 069
1017 Songdalen 341 655 9 197 2,8 1 672
1018 Søgne 556 253 12 978 2,4 2 024
1021 Marnardal 150 360 2 041 1,4  
1026 Åseral 73 039 4 342 6,3  
1027 Audnedal 119 278 1 583 1,3  
1029 Lindesnes 277 812 4 830 1,8 138
1032 Lyngdal 453 366 12 122 2,7  
1034 Hægebostad 113 593 1 522 1,4 107
1037 Kvinesdal 349 049 5 631 1,6  
1046 Sirdal 137 908 3 409 2,5  
Fordelast gjennom året 6 800      
Vest-Agder 9 681 116 277 138 2,9 38 110
         
Vest-Agder fylkeskommune 2 279 227 48 996 2,2  

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2017, målt i 1000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå overslag på rekneskap for 2016 til nasjonalbudsjettet 2017 målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.

Fjerde kolonne:
Regjeringa føreslår eit tilskot til kommunane på Sør- og Vestlandet på 650 millionar kroner til vedlikehald og rehabilitering av veg, bygg og anlegg i 2017. Midlane kjem i tillegg til veksten i kommunane sine inntekter og er fordelt til kommunar i Aust- og Vest-Agder, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal som har høgare arbeidsløyse enn gjennomsnittet for landet. 250 mill. kroner vil bli vurdert på nyåret når ein ser utviklinga i arbeidsløysa. Kolonne 4 viser den einskilde kommune sin del av tilskotet.