Historisk arkiv

380 millionar kroner meir i frie inntekter til Nordland neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa foreslår ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på 4,075 milliardar kroner i 2017. Det gir kommunane eit godt rom for å tilby betre tenester til innbyggarane, og vil bidra til nye moglegheiter og større tryggleik for mange.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Nordland og Nordland fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2016 til 2017. Veksten er rekna frå oppdatert overslag på frie inntekter for 2016. Dette overslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2016 på 3,8 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2017. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2016 til 2017 verte høgare enn tabellen viser. Overslaget på dei frie inntektene i 2017 vert ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstillskotet og endringar i inntektssystemet. For små kommunar kan mindre endringar gi store utslag i vekstprosenten.

KommuneOverslag 
på frie inntekter 2017 
(1 000 kr)
Vekst frå overslag
på rekneskap 2016-2017
     Nominelle kroner (1000 kr)  Prosent
  1 2 3
        
1804 Bodø 2 589 619 57 707 2,3
1805 Narvik 987 803 16 500 1,7
1811 Bindal 108 045 2 309 2,2
1812 Sømna 138 573 4 982 3,7
1813 Brønnøy 461 607 8 941 2,0
1815 Vega 87 859 2 609 3,1
1816 Vevelstad 48 965 3 390 7,4
1818 Herøy 116 760 6 215 5,6
1820 Alstahaug 403 363 10 634 2,7
1822 Leirfjord 146 137 6 076 4,3
1824 Vefsn 735 959 12 123 1,7
1825 Grane 106 715 1 871 1,8
1826 Hattfjelldal 106 088 3 255 3,2
1827 Dønna 105 480 1 529 1,5
1828 Nesna 123 134 2 650 2,2
1832 Hemnes 277 883 4 873 1,8
1833 Rana 1 359 285 27 863 2,1
1834 Lurøy 177 712 1 349 0,8
1835 Træna 47 462 -417 -0,9
1836 Rødøy 110 466 1 364 1,2
1837 Meløy 396 767 6 218 1,6
1838 Gildeskål 146 588 1 734 1,2
1839 Beiarn 80 134 4 277 5,6
1840 Saltdal 275 988 7 458 2,8
1841 Fauske 520 422 8 471 1,7
1845 Sørfold 138 039 1 386 1,0
1848 Steigen 166 029 3 031 1,9
1849 Hamarøy 134 453 6 255 4,9
1850 Tysfjord 139 552 2 714 2,0
1851 Lødingen 146 841 3 369 2,3
1852 Tjeldsund 96 380 281 0,3
1853 Evenes 103 227 4 376 4,4
1854 Ballangen 163 225 3 481 2,2
1856 Røst 49 790 3 360 7,2
1857 Værøy 63 544 3 003 5,0
1859 Flakstad 94 581 2 906 3,2
1860 Vestvågøy 619 534 8 062 1,3
1865 Vågan 517 152 9 129 1,8
1866 Hadsel 450 360 5 781 1,3
1867 Bø 178 218 2 781 1,6
1868 Øksnes 260 765 5 634 2,2
1870 Sortland 565 225 9 533 1,7
1871 Andøy 292 585 3 758 1,3
1874 Moskenes 76 221 3 208 4,4
Fordelast gjennom året 47 500    
Nordland 13 962 033 280 788 2,1
       
Nordland fylkeskommune 4 891 057 99 053 2,1

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2017, målt i 1000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå overslag på rekneskap for 2016 til nasjonalbudsjettet 2017 målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.