Historisk arkiv

382 millionar kroner meir i frie inntekter til Vestfold neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa foreslår ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på 4,075 milliardar kroner i 2017. Det gir kommunane eit godt rom for å tilby betre tenester til innbyggarane, og vil bidra til nye moglegheiter og større tryggleik for mange.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Vestfold og Vestfold fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2016 til 2017. Veksten er rekna frå oppdatert overslag på frie inntekter for 2016. Dette overslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2016 på 3,8 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2017. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2016 til 2017 verte høgare enn tabellen viser. Overslaget på dei frie inntektene i 2017 vert ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstillskotet og endringar i inntektssystemet. For små kommunar kan mindre endringar gi store utslag i vekstprosenten.

KommuneOverslag 
på frie inntekter 2017
Vekst frå overslag
på rekneskap 2016-2017
   (1 000 kr)  Nominelle kroner (1000 kr)  Prosent
  1 2 3
        
0701 Horten 1 379 557 49 547 3,7
0702 Holmestrand 528 854 10 689 2,1
0704 Tønsberg 2 252 075 42 005 1,9
0709 Larvik 2 252 126 45 973 2,1
0710 Sandefjord 3 120 257 96 294 3,2
0711 Svelvik 330 494 6 361 2,0
0713 Sande 478 944 9 335 2,0
0714 Hof 180 189 3 058 1,7
0716 Re 490 522 7 180 1,5
0722 Nøtterøy 1 154 670 27 841 2,5
0723 Tjøme 252 753 4 895 2,0
0728 Lardal 143 897 2 285 1,6
Fordelast gjennom året 6 586    
Vestfold 12 570 924 304 590 2,5
       
Vestfold fylkeskommune 2 640 886 77 130 3,0

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2017, målt i 1000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå overslag på rekneskap for 2016 til nasjonalbudsjettet 2017 målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.