Historisk arkiv

406 millionar kroner meir i frie inntekter til Sør-Trøndelag neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa foreslår ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på 4,075 milliardar kroner i 2017. Det gir kommunane eit godt rom for å tilby betre tenester til innbyggarane, og vil bidra til nye moglegheiter og større tryggleik for mange.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Sør-Trøndelag og Sør-Trøndelag fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2016 til 2017. Veksten er rekna frå oppdatert overslag på frie inntekter for 2016. Dette overslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2016 på 3,8 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2017. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2016 til 2017 verte høgare enn tabellen viser. Overslaget på dei frie inntektene i 2017 vert ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstillskotet og endringar i inntektssystemet. For små kommunar kan mindre endringar gi store utslag i vekstprosenten.

KommuneOverslag 
på frie inntekter 2017 
(1 000 kr)
Vekst frå overslag
på rekneskap 2016-2017
     Nominelle kroner (1000 kr)  Prosent
  1 2 3
        
1601 Trondheim 8 993 322 214 303 2,4
1612 Hemne 234 815 3 944 1,7
1613 Snillfjord 74 794 993 1,3
1617 Hitra 258 679 4 213 1,7
1620 Frøya 276 226 4 789 1,8
1621 Ørland 276 803 6 995 2,6
1622 Agdenes 123 039 1 783 1,5
1624 Rissa 373 489 5 210 1,4
1627 Bjugn 263 654 7 810 3,1
1630 Åfjord 199 030 2 901 1,5
1632 Roan 73 413 1 035 1,4
1633 Osen 78 659 924 1,2
1634 Oppdal 370 317 10 801 3,0
1635 Rennebu 158 715 2 942 1,9
1636 Meldal 224 756 6 038 2,8
1638 Orkdal 616 140 11 320 1,9
1640 Røros 308 521 5 480 1,8
1644 Holtålen 125 813 2 595 2,1
1648 Midtre Gauldal 351 616 4 984 1,4
1653 Melhus 830 844 14 797 1,8
1657 Skaun 411 434 3 349 0,8
1662 Klæbu 312 321 6 014 2,0
1663 Malvik 686 074 16 069 2,4
1664 Selbu 152 144 2 290 1,5
1665 Tydal 62 187 2 116 3,5
Fordelast gjennom året 54 800    
Sør-Trøndelag 15 891 606 337 096 2,2
       
Sør-Trøndelag fylkeskommune 3 691 731 68 409 1,9

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2017, målt i 1000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå overslag på rekneskap for 2016 til nasjonalbudsjettet 2017 målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.