Historisk arkiv

432 millionar kroner meir i frie inntekter til Møre og Romsdal neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa foreslår ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på 4,075 milliardar kroner i 2017. Det gir kommunane eit godt rom for å tilby betre tenester til innbyggarane, og vil bidra til nye moglegheiter og større tryggleik for mange.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2016 til 2017. Veksten er rekna frå oppdatert overslag på frie inntekter for 2016. Dette overslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2016 på 3,8 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2017. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2016 til 2017 verte høgare enn tabellen viser. Overslaget på dei frie inntektene i 2017 vert ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstillskotet og endringar i inntektssystemet. For små kommunar kan mindre endringar gi store utslag i vekstprosenten.

KommuneOverslag 
på frie inntekter 2017 
(1 000 kr)
Vekst i 2017 rekna frå overslag på frie inntekter 2016Vedlikehalds- tilskot
    Nominelle kroner
(1000 kr)
Prosent (1 000 kr)
  1 2 3 4
         
1502 Molde 1 339 317 44 430 3,4  
1504 Ålesund 2 313 356 51 108 2,3 1 468
1505 Kristiansund 1 239 500 27 288 2,3 16 868
1511 Vanylven 197 499 4 571 2,4  
1514 Sande 158 869 2 053 1,3  
1515 Herøy 478 232 5 182 1,1 2 413
1516 Ulstein 457 631 8 323 1,9 3 959
1517 Hareid 274 424 6 544 2,4 3 552
1519 Volda 472 461 8 734 1,9  
1520 Ørsta 569 733 10 466 1,9  
1523 Ørskog 139 078 2 330 1,7  
1524 Norddal 117 236 1 746 1,5  
1525 Stranda 262 320 3 256 1,3  
1526 Stordal 76 428 1 018 1,4  
1528 Sykkylven 404 739 7 423 1,9  
1529 Skodje 250 540 6 037 2,5  
1531 Sula 494 321 9 269 1,9  
1532 Giske 428 351 4 980 1,2  
1534 Haram 484 827 7 065 1,5 3 554
1535 Vestnes 338 097 12 756 3,9 817
1539 Rauma 420 128 5 837 1,4 666
1543 Nesset 179 006 4 717 2,7 90
1545 Midsund 133 997 1 328 1,0 120
1546 Sandøy 91 787 853 0,9  
1547 Aukra 202 570 3 270 1,6 415
1548 Fræna 522 661 9 048 1,8  
1551 Eide 202 026 2 603 1,3 528
1554 Averøy 311 580 5 321 1,7  
1557 Gjemnes 159 759 773 0,5  
1560 Tingvoll 195 065 6 539 3,5  
1563 Sunndal 405 530 8 919 2,2  
1566 Surnadal 333 789 6 353 1,9  
1567 Rindal 129 614 1 973 1,5  
1571 Halsa 108 766 1 542 1,4  
1573 Smøla 138 682 4 782 3,6  
1576 Aure 237 938 3 044 1,3  
Fordelast gjennom året 60 396      
Møre og Romsdal 14 330 251 288 293 2,1 34 450
         
Møre og Romsdal fylkeskommune 4 025 590 144 077 3,7  

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2017, målt i 1000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå overslag på rekneskap for 2016 til nasjonalbudsjettet 2017 målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.

Fjerde kolonne:
Regjeringa føreslår eit tilskot til kommunane på Sør- og Vestlandet på 650 millionar kroner til vedlikehald og rehabilitering av veg, bygg og anlegg i 2017. Midlane kjem i tillegg til veksten i kommunane sine inntekter og er fordelt til kommunar i Aust- og Vest-Agder, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal som har høgare arbeidsløyse enn gjennomsnittet for landet. 250 mill. kroner vil bli vurdert på nyåret når ein ser utviklinga i arbeidsløysa. Kolonne 4 viser den einskilde kommune sin del av tilskotet.