Historisk arkiv

442 millionar kroner meir i frie inntekter til Østfold neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa foreslår ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på 4,075 milliardar kroner i 2017. Det gir kommunane eit godt rom for å tilby betre tenester til innbyggarane, og vil bidra til nye moglegheiter og større tryggleik for mange.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Østfold og Østfold fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2016 til 2017. Veksten er rekna frå oppdatert overslag på frie inntekter for 2016. Dette overslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2016 på 3,8 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2017. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2016 til 2017 verte høgare enn tabellen viser. Overslaget på dei frie inntektene i 2017 vert ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstillskotet og endringar i inntektssystemet. For små kommunar kan mindre endringar gi store utslag i vekstprosenten.

KommuneOverslag 
på frie inntekter 2017
Vekst frå overslag
på rekneskap 2016-2017
   (1000 kr)  Nominelle kroner (1000 kr)  Prosent
  1 2 3
        
0101 Halden 1 582 142 48 771 3,2
0104 Moss 1 625 159 64 705 4,1
0105 Sarpsborg 2 841 763 87 985 3,2
0106 Fredrikstad 3 958 999 112 064 2,9
0111 Hvaler 232 279 8 793 3,9
0118 Aremark 93 954 1 354 1,5
0119 Marker 202 967 3 201 1,6
0121 Rømskog 53 810 472 0,9
0122 Trøgstad 293 087 8 269 2,9
0123 Spydeberg 189 148 4 038 2,2
0124 Askim 806 324 28 264 3,6
0125 Eidsberg 605 114 14 500 2,5
0127 Skiptvet 205 450 3 586 1,8
0128 Rakkestad 454 565 7 744 1,7
0135 Råde 373 732 5 309 1,4
0136 Rygge 765 585 14 997 2,0
0137 Våler 267 552 7 347 2,8
0138 Hobøl 182 512 2 996 1,7
Fordelast gjennom året 8 900    
Østfold 14 743 042 426 594 3,0
       
Østfold fylkeskommune 3 009 305 15 751 0,5

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2017, målt i 1000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå overslag på rekneskap for 2016 til nasjonalbudsjettet 2017 målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.