453 millionar kroner meir i frie inntekter til Buskerud neste år

Regjeringa foreslår ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på 4,075 milliardar kroner i 2017. Det gir kommunane eit godt rom for å tilby betre tenester til innbyggarane, og vil bidra til nye moglegheiter og større tryggleik for mange.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Buskerud og Buskerud fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2016 til 2017. Veksten er rekna frå oppdatert overslag på frie inntekter for 2016. Dette overslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2016 på 3,8 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2017. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2016 til 2017 verte høgare enn tabellen viser. Overslaget på dei frie inntektene i 2017 vert ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstillskotet og endringar i inntektssystemet. For små kommunar kan mindre endringar gi store utslag i vekstprosenten.

KommuneOverslag 
på frie inntekter 2017
Vekst frå overslag
på rekneskap 2016-2017
   (1000 kr)  Nominelle kroner (1000 kr)  Prosent
  1 2 3
        
0602 Drammen 3 521 897 128 629 3,8
0604 Kongsberg 1 407 004 40 184 2,9
0605 Ringerike 1 495 958 38 483 2,6
0612 Hole 346 429 9 484 2,8
0615 Flå 76 741 3 179 4,3
0616 Nes 194 473 5 222 2,8
0617 Gol 263 543 4 444 1,7
0618 Hemsedal 143 801 5 080 3,7
0619 Ål 278 506 5 518 2,0
0620 Hol 251 159 3 815 1,5
0621 Sigdal 209 208 2 419 1,2
0622 Krødsherad 140 053 1 384 1,0
0623 Modum 714 119 14 863 2,1
0624 Øvre Eiker 934 559 31 219 3,5
0625 Nedre Eiker 1 233 864 22 950 1,9
0626 Lier 1 356 113 28 724 2,2
0627 Røyken 1 125 820 33 329 3,1
0628 Hurum 484 558 9 386 2,0
0631 Flesberg 164 420 2 666 1,6
0632 Rollag 101 614 578 0,6
0633 Nore og Uvdal 169 993 2 620 1,6
Fordelast gjennom året 17 360    
Buskerud 14 631 192 395 409 2,8
       
Buskerud fylkeskommune 2 926 322 57 194 2,0

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2017, målt i 1000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå overslag på rekneskap for 2016 til nasjonalbudsjettet 2017 målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.