Historisk arkiv

629 millionar kroner meir i frie inntekter til Rogaland neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa foreslår ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på 4,075 milliardar kroner i 2017. Det gir kommunane eit godt rom for å tilby betre tenester til innbyggarane, og vil bidra til nye moglegheiter og større tryggleik for mange.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Rogaland og Rogaland fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2016 til 2017. Veksten er rekna frå oppdatert overslag på frie inntekter for 2016. Dette overslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2016 på 3,8 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2017. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2016 til 2017 verte høgare enn tabellen viser. Overslaget på dei frie inntektene i 2017 vert ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstillskotet og endringar i inntektssystemet. For små kommunar kan mindre endringar gi store utslag i vekstprosenten.

KommuneOverslag 
på frie inntekter 2017 
(1 000 kr)
Vekst i 2017 rekna frå overslag på frie inntekter 2016Vedlikehalds- tilskot
    Nominelle kroner
(1000 kr)
Prosent (1 000 kr)
  1 2 3 4
         
1101 Eigersund 782 672 14 968 1,9 12 112
1102 Sandnes 3 907 734 107 759 2,8 52 946
1103 Stavanger 7 207 916 214 059 3,1 81 264
1106 Haugesund 1 895 472 61 935 3,4 21 432
1111 Sokndal 196 398 5 088 2,7 589
1112 Lund 189 139 731 0,4  
1114 Bjerkreim 167 874 2 720 1,6 92
1119 Hå 939 824 21 948 2,4  
1120 Klepp 961 735 16 231 1,7 4 912
1121 Time 961 681 21 034 2,2 2 419
1122 Gjesdal 613 946 12 102 2,0 4 295
1124 Sola 1 436 089 23 131 1,6 15 934
1127 Randaberg 580 472 14 179 2,5 3 335
1129 Forsand 95 812 2 874 3,1  
1130 Strand 660 225 6 305 1,0 6 310
1133 Hjelmeland 181 195 3 529 2,0  
1134 Suldal 257 578 3 719 1,5  
1135 Sauda 280 598 6 977 2,6  
1141 Finnøy 200 812 3 155 1,6  
1142 Rennesøy 280 592 1 801 0,6 772
1144 Kvitsøy 46 638 1 0,0  
1145 Bokn 66 790 1 319 2,0  
1146 Tysvær 590 367 9 866 1,7  
1149 Karmøy 2 106 152 38 475 1,9 11 120
1151 Utsira 31 572 -306 -1,0  
1160 Vindafjord 499 627 5 602 1,1  
Fordelast gjennom året 16 000      
Rogaland 25 154 911 599 203 2,4 217 532
         
Rogaland fylkeskommune 5 379 879 30 095 0,6  

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2017, målt i 1000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå overslag på rekneskap for 2016 til nasjonalbudsjettet 2017 målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.

Fjerde kolonne:
Regjeringa føreslår eit tilskot til kommunane på Sør- og Vestlandet på 650 millionar kroner til vedlikehald og rehabilitering av veg, bygg og anlegg i 2017. Midlane kjem i tillegg til veksten i kommunane sine inntekter og er fordelt til kommunar i Aust- og Vest-Agder, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal som har høgare arbeidsløyse enn gjennomsnittet for landet. 250 mill. kroner vil bli vurdert på nyåret når ein ser utviklinga i arbeidsløysa. Kolonne 4 viser den einskilde kommune sin del av tilskotet.