706 millionar kroner meir i frie inntekter til Hordaland neste år

Regjeringa foreslår ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på 4,075 milliardar kroner i 2017. Det gir kommunane eit godt rom for å tilby betre tenester til innbyggarane, og vil bidra til nye moglegheiter og større tryggleik for mange.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Hordaland og Hordaland fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2016 til 2017. Veksten er rekna frå oppdatert overslag på frie inntekter for 2016. Dette overslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2016 på 3,8 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2017. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2016 til 2017 verte høgare enn tabellen viser. Overslaget på dei frie inntektene i 2017 vert ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstillskotet og endringar i inntektssystemet. For små kommunar kan mindre endringar gi store utslag i vekstprosenten.

KommuneOverslag 
på frie inntekter 2017 
(1 000 kr)
Vekst i 2017 rekna frå overslag på frie inntekter 2016Vedlikehalds- tilskot
    Nominelle kroner
(1000 kr)
Prosent (1 000 kr)
  1 2 3 4
         
1201 Bergen 14 117 192 297 053 2,1 26 154
1211 Etne 240 070 3 919 1,7  
1216 Sveio 317 180 5 187 1,7  
1219 Bømlo 661 843 7 562 1,2 2 107
1221 Stord 969 878 26 939 2,9 13 268
1222 Fitjar 188 999 3 536 1,9 189
1223 Tysnes 179 938 3 341 1,9 235
1224 Kvinnherad 728 689 12 453 1,7 4 265
1227 Jondal 84 748 3 461 4,3  
1228 Odda 403 420 6 890 1,7  
1231 Ullensvang 222 636 3 179 1,4  
1232 Eidfjord 71 798 922 1,3  
1233 Ulvik 87 113 3 818 4,6  
1234 Granvin 68 192 2 018 3,0  
1235 Voss 799 155 16 717 2,1  
1238 Kvam 495 201 7 960 1,6  
1241 Fusa 237 603 5 499 2,4  
1242 Samnanger 149 758 2 366 1,6 144
1243 Os 780 950 18 151 2,4 3 515
1244 Austevoll 331 288 7 010 2,2  
1245 Sund 375 438 12 748 3,5 2 582
1246 Fjell 1 243 384 21 293 1,7 13 022
1247 Askøy 1 482 587 35 739 2,5 4 969
1251 Vaksdal 252 157 4 085 1,6  
1252 Modalen 43 679 2 526 6,1  
1253 Osterøy 416 455 7 654 1,9  
1256 Meland 416 499 3 345 0,8 1 435
1259 Øygarden 266 328 4 440 1,7 3 597
1260 Radøy 279 437 5 106 1,9 911
1263 Lindås 821 697 9 488 1,2 2 742
1264 Austrheim 171 026 2 657 1,6 1 542
1265 Fedje 54 888 2 513 4,8 201
1266 Masfjorden 125 336 2 605 2,1  
Fordelast gjennom året 32 400      
Hordaland 27 116 964 551 280 2,1 80 878
         
Hordaland fylkeskommune 6 370 102 154 330 2,5  

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2017, målt i 1000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå overslag på rekneskap for 2016 til nasjonalbudsjettet 2017 målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.

Fjerde kolonne:
Regjeringa føreslår eit tilskot til kommunane på Sør- og Vestlandet på 650 millionar kroner til vedlikehald og rehabilitering av veg, bygg og anlegg i 2017. Midlane kjem i tillegg til veksten i kommunane sine inntekter og er fordelt til kommunar i Aust- og Vest-Agder, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal som har høgare arbeidsløyse enn gjennomsnittet for landet. 250 mill. kroner vil bli vurdert på nyåret når ein ser utviklinga i arbeidsløysa. Kolonne 4 viser den einskilde kommune sin del av tilskotet.