500 millionar kroner meir i frie inntekter til Innlandet neste år

Regjeringa legg 2,5 milliardar kroner på toppen av Solberg-regjeringa sitt forslag til vekst i frie inntekter for 2022. Dermed får kommunesektoren 4,5 milliardar kroner meir i frie inntekter neste år. – No sikrar vi ressursar og handlefridom til kommunesektoren slik at dei kan levere gode velferdstenester over heile landet, seier kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Innlandet og Innlandet fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2021 til 2022. Veksten er rekna frå eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2021. Anslaget inkluderer ei justering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2021 på 5,9 milliardar kroner, samanlikna med anslaget på skatteinntekter i revidert nasjonalbudsjett 2021.

For å gjere inntektsnivået i 2021 samanliknbart med inntektsnivået i 2022, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren. Dei ekstraordinære løyvingane til kommunesektoren i 2021 i samband med virusutbrotet, er ikkje rekna med i inntektsnivået for 2021.

Utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota, kan forklare mykje av variasjonen i veksten kommunar og fylkeskommunar imellom. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i anslaget på vekst målt i prosent.

  Anslag på Vekst frå anslag Endring 
  frie på rekneskap 2021 - 2022 fra 
Kommune inntekter  Nominelle Prosent Prop. 1 S
  2022 kroner    
  (1000 kr) (1000 kr)   (1000 kr)
  1 2 3 4
         
3401 Kongsvinger 1 117 268 24 583 2,2 5 680
3403 Hamar 1 900 474 39 335 2,1 9 768
3405 Lillehammer 1 689 848 34 129 2,1 8 398
3407 Gjøvik 1 792 761 39 905 2,3 10 343
3411 Ringsaker 2 071 026 49 242 2,4 13 716
3412 Løten 452 592 6 655 1,5 3 300
3413 Stange 1 271 553 34 958 2,8 9 108
3414 Nord-Odal 330 993 4 535 1,4 2 138
3415 Sør-Odal 472 093 4 118 0,9 1 305
3416 Eidskog 409 379 5 862 1,5 2 383
3417 Grue 309 789 3 144 1,0 1 104
3418 Åsnes 484 771 6 132 1,3 2 977
3419 Våler 247 013 3 869 1,6 1 504
3420 Elverum 1 291 136 24 574 1,9 6 955
3421 Trysil 447 628 7 747 1,8 2 974
3422 Åmot 293 397 4 357 1,5 2 104
3423 Stor-Elvdal 182 250 3 777 2,1 1 953
3424 Rendalen 142 351 2 141 1,5 1 365
3425 Engerdal 112 934 1 597 1,4 782
3426 Tolga 124 561 3 952 3,3 1 312
3427 Tynset 377 263 8 827 2,4 3 269
3428 Alvdal 180 041 3 179 1,8 1 432
3429 Folldal 121 378 1 489 1,2 769
3430 Os 148 221 1 918 1,3 1 424
3431 Dovre 182 972 3 658 2,0 1 917
3432 Lesja 155 797 1 919 1,2 1 390
3433 Skjåk 152 949 2 081 1,4 839
3434 Lom 158 921 2 903 1,9 1 352
3435 Vågå 248 832 6 151 2,5 2 038
3436 Nord-Fron 384 623 5 616 1,5 3 346
3437 Sel 381 248 3 444 0,9 2 324
3438 Sør-Fron 205 491 3 785 1,9 1 905
3439 Ringebu 292 820 4 032 1,4 2 106
3440 Øyer 336 238 5 440 1,6 2 305
3441 Gausdal 374 932 5 473 1,5 2 652
3442 Østre Toten 896 729 14 434 1,6 6 182
3443 Vestre Toten 797 009 12 772 1,6 4 341
3446 Gran 843 881 11 710 1,4 6 595
3447 Søndre Land 364 655 6 606 1,8 2 241
3448 Nordre Land 433 460 8 552 2,0 2 412
3449 Sør-Aurdal 231 196 3 973 1,7 2 569
3450 Etnedal 111 081 1 442 1,3 798
3451 Nord-Aurdal 413 133 7 398 1,8 1 852
3452 Vestre Slidre 150 434 1 174 0,8 851
3453 Øystre Slidre 222 704 5 403 2,5 2 033
3454 Vang 129 112 1 772 1,4 830
Til fordeling gjennom året 46 100      
Innlandet 23 485 036 439 766 1,9 135 873
         
Innlandet fylkeskommune 5 468 100 60 465 1,1 34 445

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2022, målt i 1 000 kroner. Det blir gjort nokon endringar i tabell C pga. feil i berekning av kompensasjon for barnevern i Grønt hefte. Dette er ikkje teke omsyn til i tabellen her. Det kan også bli endringar i fordelinga av grunnskuletilskotet når ny statistikk ligg føre.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2021 til anslag for 2022 i statsbudsjettet, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle oppgåvekorrigerte veksten målt i prosent.

Fjerde kolonne:

Viser endringa i veksten i frie inntekter samanlikna med Solberg-regjeringa sitt budsjettforslag.