Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Ein halv milliard i investeringar til Ørland

Regjeringa ber Stortinget godkjenne om lag ein halv milliard kroner som skal gå til idretts- og velferdsbygg og eit forsyningsbygg på Ørland.

Idretts- og velferdsbygg

Gode fasilitetar for velferd og idrett er viktige åtgjerder for å rekruttere og behalde personell ved Ørland flystasjon. Kjøpet av Hårberg skule, som no er innlemma i flystasjonens eigedom, gjer det mogleg å samla velferds- og idrettsverksemda.

Hårberg skule skal gjenbrukas til velferdsbygg, og det skal byggas eit nytt idrettsbygg i tilknyting til den gamle skulen. Velferdsbygget skal innehalde funksjonar som kantine, møterom, areal for prest og aktivitetar i forbindelse med religion og livssyn samt kontorfasilitetar. Idrettsbygget skal innehalde areal for hallidrett, styrketrening og trening av uthald. Det skal også vere våtrom, garderobar, resepsjon og lager for utstyr.

Prosjektet skal etter planen stå ferdig i 2021.

Forsyningsbygg

Anskaffinga av nye kampfly gjer at Ørland blir nasjonalt kraftsenter for Luftforsvaret. Dette inneber at også andre avdelingar i Luftforsvaret skal vere på Ørland.

Eksisterande bygg og anlegg ved flystasjonen har i liten grad blitt fornya sidan etableringa av Ørland flystasjon på 1950-talet, og det er mellom anna naudsynt å bygge eit nytt forsyningsbygg, som samlar den totale forsyningsverksemda ved flystasjonen. Dette vil legge til rette for ei framtidsretta effektiv logistikkteneste som støtter opp under den operative verksemda ved flystasjonen.

Det nye forsyningsbygget vil bli etablert i forlenginga av det allereie ferdigbygde forsyningslageret og skal mellom anna innehalde forsyningslager for intendantur, depot og administrasjonslokale for den auka bemanninga ved flystasjonen.

Det nye forsyningsbygget skal etter planen stå ferdig i 2021.

Til toppen