Statsbudsjettet 2021:

Eit kulturbudsjett for aktivitet og mangfald

Regjeringa foreslår ei samla løyving over Kulturdepartementets budsjett på vel 23,6 milliardar kroner. Dette er ei auke på over 3,7 milliardar kroner eller 18,7 prosent frå saldert budsjett 2020. Av denne auka er vel 2,5 milliardar kroner knytt til mellombelse støtteordningar for kultur-, frivilligheit- og idrettssektorane i samband med covid-19-pandemien.

Sjå opptak frå budsjettpresentasjonen (opptaket vil bli teksta om kort tid, i mellomtida kan du lese kultur- og likestillingsministeren sin presentasjon her)

Kulturbudsjettet samla (alle pressemeldingar og budsjettforslaget til Kulturdepartementet)

– Gjennom kulturbudsjettet tek regjeringa aktive grep for å stimulere til auka aktivitet, inkludering og økonomisk berekraft i heile landet. Alle skal få moglegheita til å delta, både i arbeidslivet, kulturlivet, idretten og i samfunnet ellers. Vi vil no å ta eit krafttak for mangfald, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja.

Støtteordningar for aktivitet i samband med covid-19

Regjeringa foreslår løyvingar på til saman 2 550 millionar kroner til stimuleringsordningar for kulturlivet, frivilligheita og idretten i samband med pandemien.

2 250 millionar kroner av dette er sett av til ordningar som skal gje insentiv til å utvikle og gjennomføre aktivitetar som er tilpassa smittevernsituasjonen.

Vidare foreslår regjeringa 200 millionar kroner fordelt til offentleg finansierte kulturinstitusjonar som fell utanfor stimuleringsordningane. 140 millionar kroner av desse går til musikk- og scenekunstinstitusjonar og 60 millionar til museum.

I tillegg er ordninga for Statens kunstnarstipend foreslått styrkt med 100 millionar kroner i mellombelse stipend for å oppretthalde kontinuitet i kunstnarisk produksjon. Ordningane skal gjelde i første halvår av 2021 grunna uvisse om utviklinga i smittesituasjonen.

Krafttak for mangfald

Regjeringa ønsker å bidra til eit auka mangfald av deltakarar og utøvarar, i tillegg til eit auka mangfald av kulturuttrykk og -tilbod. Kunsten og kulturlivet, idretten og frivilligheita skal spegle mangfaldet i samfunnet. Dette er ei hovudprioritering på tvers av kulturpolitikken, og kjem mellom anna til uttrykk i følgjande prioriteringar i regjeringas forslag til kulturbudsjett for 2021:

  • 30 millionar kroner til å vidareføre og styrke arbeidet med mangfald, integrering og likestilling på kunst- og kulturfeltet ved å støtte institusjonar og aktørar som har søkt støtte til mangfaldsarbeid.
  • 119 millionar kroner i auka tilskot til momskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar slik at den totale ramma i 2021 blir på 1,8 milliardar kroner.
  • 104 millionar kroner i auka tilskot til momskompensasjonsordninga ved bygging av idrettsanlegg, total ramme 299 millionar kroner.
  • 15,7 millionar kroner i auka løyving til barne- og ungdomskultur som ein del av regjeringas arbeid med ny barne- og ungdomskulturmelding.
  • 29 millionar kroner for å styrke arbeidet med talentutvikling, herunder 15 millionar kroner til talentutvikling på filmfeltet og fire millionar til juniorsatsing.
  • 11 millionar kroner til å styrke infrastrukturen i profesjonell dans og gi dans som kunstform eit løft.
  • 11,5 millionar meir til språk, samt vidareføring av språksatsinga i 2020 på 9,3 millionar kroner, slik at den totale språksatsinga blir på 20,8 millionar.
  • 5 millionar kroner i auka løyving til mentortenester for bedrifter innan kulturell og kreativ næring.
  • 5 millionar kroner til opptrapping av satsinga på dataspel.
  • 67 millionar kroner til deltaking i EUs program for kultur og audiovisuell sektor, Kreativ Europa, perioden 2021-2027.
  • 16 millionar kroner til deltaking i EUs program for rettar, likestilling og ikkje-diskriminering, CERV, perioden 2021-2027.
  • 8 millionar kroner til ny tilskotsordning mot rasisme, diskriminering og hatefulle ytringar.
  • 2 millionar kroner i auka tilskot til lhbtiq-organisasjonane.
  • 5 millionar kroner i auka tilskot til TryggEst-prosjektet.
  • 10 millionar kroner i auka tilskot til Den Nationale Scene til prosjektering og bruk av prøvelokale og verkstader.
  • 9,5 millionar kroner til vedlikehald av Ole Bulls villa Lysøen.
  • 106 millionar kroner i tilsegn om statleg medverknad til nybygget Finnskogens hus i Grue.
  • 26 millionar kroner i tilsegn om statleg medverknad til prosjektet Jakten på Sølvet ved Norsk Bergverksmuseum.

– 2021 vil i hovudsak handle om å stimulere til aktivitet i kulturlivet, frivilligheita og idretten innafor gjeldande smittevernreglar. Det er vesentleg at kulturpolitikken legg til rette for at kunst- og kulturlivet, idretten og frivilligheita speglar mangfaldet som pregar dagens samfunn. Regjeringas støtteordningar skal bidra til at folk kan vere i jobb, samstundes som vi vil bygge kompetanse og inkludere fleire, seier kultur- og likestillingsministeren.