Historisk arkiv

Eldre kyrkjer vert sikra for 27 millionar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

40 kyrkjer frå før år 1800 får no pengar til å skifte ut gamle el-anlegg og varmeomnar og moglegheita til å sikre tak, veggar og tårn mot vêr og vind.

– Å ta vare på gamle kyrkjebygg er svært viktig. Dei er i ei særstilling som kulturminner i bygd og by over heile landet og blant dei mest dyrebare bygga når det gjeld arkitektur og kunst. Dei er soger over tru, kultur og handverk i 1000 år. Derfor er eg glad for at vi kan bidra til betre trygging av desse bygga, seier barne- og familieminister Ida Lindtveit Røse.

Det er Riksantikvaren som vel ut kyrkjene som får tildelt midlane. Det går i desse dagar brev ut til 40 kyrkjer over hele landet om tilskot.

Som eit ledd i å ta vare på kulturarven har Stortinget i 2020 gitt 20 millionar kroner til sikring av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg. I tillegg kjem sju millionar frå regjeringa si tiltakspakke retta mot bygge- og anleggsbransjen knytt til koronakrisa. Tiltakspakka er på til saman 52 millionar kronar. Pengane skal gå til å sette i stand veggar, tak og tårn og utskifting av gamle el-anlegg og varmeomnar i kulturhistorisk viktige kyrkjer frå før 1850.

Dei eldste fyrst

Tildelinga av tilskota i 2020 vil gå over to rundar. Ved årets fyrste tildeling av tilskot har Riksantikvaren i samråd med Barne- og familiedepartementet, KA (Arbeidsgivarorganisasjon for kyrkjelege verksemder) og KR (Kyrkjerådet) valt å prioritera våre eldste kyrkjer, som er frå før år 1800. Alle 40 kyrkjer som har søkt, har fått pengar.

Departementet kjem attende til tildelinga av dei resterande midla seinare i år.