Historisk arkiv

Endeleg kvote for lisensfelling i ulvesona i 2021 blir på to revir

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Klima- og miljødepartementet har handsama klagene på rovviltnemndene sitt vedtak om å felle ulvane i fem revir innanfor ulvesona denne vinteren. Departementet stadfester vedtaket om felling av ulvane i revira Aurskog og Kynna. Vedtaket om lisensfelling av ulvane i revira Hernes, Hornmoen og Rømskog er oppheva.

- Regjeringa sitt mål er å forvalte ulvebestanden så nær bestandsmålet som mogeleg. Samstundes må forvaltninga vere innanfor rammene som Stortinget har vedteke og som følgjer av naturmangfaldlova og Bernkonvensjonen. Felling av ulvane i Aurskog og Kynna vil kunne gje ein bestandsreduksjon ned mot bestandsmålet, og er innanfor rammene av lovverket, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V). 

Rovviltnemndene i region 4 og 5 vedtok i oktober at fire heilnorske revir, og eitt revir som ligg på grensa mellom Noreg og Sverige, kan fellast innanfor ulvesona denne vinteren. Vedtaket vart påklaga til Klima- og miljødepartementet. No er klagene handsama. Departementet har kome til at det er heimel i lova for lisensfelling av   ulvane i dei to revira Aurskog og Kynna (i tidlegare Akershus og Hedmark fylke). Det er ikkje grunnlag for felling av ulvane i revira Hernes og Hornmoen (i tidlegare Hedmark fylke), eller i grensereviret Rømskog (i tidlegare Akershus og Østfold fylke). Dette er også i tråd med innstillinga frå rovviltnemndene sine faglege sekretariat.

Lisensfellingskvota er sett til åtte ulv i Kynna og to ulv i Aurskog. Det gjev ei samla kvote på ti individ. Talet på individ i kvota er basert på registreringane hittil i vinter. Dersom nye opplysningar viser at det er fleire eller færre ulvar i revira, kan kvota bli endra av fylkesmannen. Lisensfellinga av ulv innanfor ulvesona startar 1. januar.

Høg terskel for felling

Ulv er ein freda art i Noreg og oppført som kritisk truga på Norsk raudliste for artar frå 2015. Bernkonvensjonen og naturmangfaldlova sett strenge vilkår for felling av ulv. Forvaltninga må vere innanfor dei rettslege rammene som følgjer av konvensjonen og lova.

Dersom det skal bli opna for felling, må det ligge føre eit særskilt formål som blir tatt vare på med uttaket. Det kan vere å avverje skade eller vareta offentlege interesser av vesentleg tyding. Fellinga kan ikkje truge bestanden si overleving, og det kan ikkje vere andre tilfredsstillande løysingar. I tillegg har Stortinget vedteke at ulven skal ha prioritet framfor beitenæring innanfor den sokalla ulvesona som omfattar Oslo og delar av Viken og Innlandet fylke. Terskelen for å felle ulv i dette området skal difor vere høg.

Bestandsmålet

Stortinget vedtok i 2016 at det skal vere 4 til 6 ynglingar av ulv i Noreg årleg. Førre sesong var talet på 8,5 ynglingar, og talet har ligge noko over bestandsmålet sidan registreringane vinteren 2015/2016. Med felling av ulvane i Kynna og Aurskog kan bestanden bli redusert ned mot bestandsmålet.

Vedtaket om å flytte den genetisk verdifulle leiarhannen i Deisjø-reviret og maken hans står for øvrig fast, og Statens naturoppsyn jobbar framleis med å gjennomføre flyttinga så snart vêr- og føreforhold tillét det.

Du kan lese vedtaket her.