Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Endringar blant statssekretærane

I samband med endringane i regjeringa i dag, er det i statsråd gjort endringar blant statssekretærane.

Statsekretær Ingvil Smines Tybring-Gjedde har fått avskil i nåde som statssekretær for olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg, og er utnemnd til samfunnsikkerheitsminister.

Statssekretær Cecilie Brein-Karlsen har fått avskil i nåde som statssekretær for finansminister Siv Jensen.

Statssekretærane Svein Flåtten og Helge Fossum har fått avskil i nåde som statssekretærar for statsminister Erna Solberg.

Statssekretær Knut Morten Johansen har fått avskil i nåde som statssekretær for Justis- og innvandringsminister Tor Mikkel Wara.

Statssekretær Morten Bakke har fått avskil i nåde som statssekretær for arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie, med verknad frå 25. januar 2019.

Statssekretær Kristin Holm Jensen har fått avskil i nåde som statssekretær for kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner, med verknad frå 8. februar 2019.

Statssekretær Brage Baklien har fått avskil i nåde som statssekretær for samferdselsminister Jon Georg Dale, og er utnemnd på nytt til statssekretær for finansminister Siv Jensen.

Statssekretær Paul Chaffey har fått avskil i nåde som statssekretær for kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland, og er utnemnd på nytt til statssekretær for digitaliseringsminister Nikolai Astrup.

Statssekretær Jens Frølich Holte har fått avskil i nåde som statssekretær for utviklingsminister Nikolai Astrup, og er utnemnd på nytt til statssekretær for utanriksminister Ine Eriksen Søreide.

Statssekretær Rikard Gaarder Knutsen har fått avskil i nåde som statssekretær for landbruks- og matminister Bård André Hoksrud, og er utnemnd på nytt til statssekretær for olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg.

Statssekretær Tom Erlend Skaug har fått avskil i nåde som statssekretær i 50 prosent stilling for barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland og som statssekretær i 50 prosent stilling for kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner, og er utnemnd på nytt i full stilling som statssekretær for kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner.

Statssekretær Toril Charlotte Ulleberg Reynolds har fått avskil i nåde som statssekretær for olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg, og er utnemnd på nytt til statssekretær for samfunnssikkerheitsminister Ingvil Smines Tybring-Gjedde.

Fylkesleiar Allan Ellingsen er utnemnd til statssekretær for samferdselsminister Jon Georg Dale.

Sekretariatsnestleiar Espen Espeset er utnemnd til statssekretær for statsminister Erna Solberg.

Seniorrådgivar Julian Thomas Farner-Calvert er utnemnd til statssekretær for barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad.

Politisk rådgivar Jorunn Hallaråker er utnemnd til statssekretær for barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad.

Politisk rådgivar Julie Kristine Kordahl er utnemnd til statssekretær for landbruks- og matminister Olaug Vervik Bollestad.

Fylkesråd Widar Skogan er utnemnd til statssekretær for landbruks- og matminister Olaug Vervik Bollestad.

Advokat Hans Olav Syversen er utnemnd til statssekretær for statsminister Erna Solberg.

Siviløkonom Oluf Ulseth er utnemnd til statssekretær for statsminister Erna Solberg.

Seniorrådgivar Sverre Vatnar er utnemnd til statssekretær for finansminister Siv Jensen.

Dagleg leiar Thorleif Fluer Vikre er utnemnd til statssekretær for kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland, med verknad frå 1. februar 2019.

 

Regjeringa er utgått frå Høgre (H), Framstegspartiet (FrP), Venstre (V) og Kristeleg Folkeparti (KrF). Statssekretærane er:

For statsminister Erna Solberg (H)
Lars Øy (H)
Ingvild Næss Stub (H)
Sunniva Ihle Steinstad (H)
Rune Alstadsæter (H)
Audun Rødningsby (V)
Espen Espeset (FrP)
Hans Olav Syversen (KrF)
Oluf Ulseth (H)

For finansminister Siv Jensen (FrP)
Jørgen Næsje (FrP)
Marianne Eikvåg Groth (H)
Geir Olsen (V)
Atle Simonsen (FrP)
Brage Baklien (FrP)
Sverre Vatnar (KrF)

For kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande (V)
Jan-Christian Kolstø (V)
Frida Blomgren (V)

For landbruks- og matminister Olaug Vervik Bollestad (KrF)
Julie Kristine Kordal (KrF)
Widar Skogan (KrF)

For kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H)
Kristin Holm Jensen (H) – til 8. februar 2019
Rikke Høistad Sjøberg (H)
Tom Erlend Skaug (H)

For samferdselsminister Jon Georg Dale (FrP)
Anders Bjørnsen Werp (H)
Tommy Skjervold (FrP)
Allan Ellingsen (FrP)

For kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H)
Lars Jacob Hiim (H)
Aase Marthe Horrigmo (H)
Anne Karin Olli (H)
Thorleif Fluer Vikre (FrP)

For helseminister Bent Høie (H)
Anne Grethe Erlandsen (H)
Maria Jahrmann Bjerke (H)

For utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H)
Audun Halvorsen (H)
Marianne Hagen (H)
Jens Frølich Holte (H)

For næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H)
Magnus Thue (H)
Daniel Bjarmann-Simonsen (H)

For arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H)
Christl Kvam (H)

For forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H)
Tone Skogen (H)

For eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen (FrP)
Anne Bramo (FrP)

For klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V)
Atle Hamar (V)
Sveinung Rotevatn (V)

For digitaliseringsminister Nikolai Astrup (H)
Paul Chaffey (H)

For forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V)
Rebekka Borsch (V)

For justis- og innvandringsminister Tor Mikkel Wara (FrP)
Thor Kleppen Sættem (H)
Torkil Åmland (FrP)

For fiskeriminister Harald Tom Nesvik (FrP)
Roy Angelvik (FrP)

For olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (FrP)
Rikard Gaarder Knutsen (FrP)

For samfunnssikkerheitsminister Ingvil Smines Tybring-Gjedde (FrP)
Toril Charlotte Ulleberg Reynolds (FrP)

For utviklingsminister Dag-Inge Ulstein (KrF)

For barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF)
Julian Thomas Farner-Calvert (KrF)
Jorunn Hallaråker (KrF)

 

Til toppen