Endringar blant statssekretærane

I samband med endringane i regjeringa i dag, har Kongen i ekstraordinært statsråd gjort endringar blant statssekretærane.

Statssekretær Thor Kleppen Sættem har fått avskil som statssekretær for statsråd Sylvi Listhaug og er utnemnd på ny til statssekretær for statsråd Per Sandberg i Justis- og beredskapsdepartementet.

Statssekretær Torkil Åmland har fått avskil som statssekretær for statsråd Sylvi Listhaug og er utnemnd på ny til statssekretær for statsråd Per Sandberg i Justis- og beredskapsdepartementet.

Statssekretær Knut Morten Johansen har fått avskil som statssekretær for statsråd Sylvi Listhaug og er utnemnd på ny til statssekretær for statsråd Per Sandberg i Justis- og beredskapsdepartementet.

Statssekretær Sveinung Rotevatn har fått avskil som statssekretær for statsråd Sylvi Listhaug og er utnemnd på ny til statssekretær for statsråd Per Sandberg i Justis- og beredskapsdepartementet.

Statssekretær Toril Charlotte Ulleberg Reynolds har fått avskil som statssekretær for statsråd Sylvi Listhaug og er utnemnd på ny til statssekretær for statsråd Per Sandberg i Justis- og beredskapsdepartementet. Reynolds er for tida i fødselspermisjon.

Endringane gjeld frå kl. 12.30 i dag.

Regjeringa er utgått frå Høgre (H), Framstegspartiet (FrP) og Venstre (V). Statssekretærane er:

For statsminister Erna Solberg (H)
Lars Øy (H)
Ingvild Næss Stub (H)
Sunniva Ihle Steinstad (H)
Svein Arne Flåtten (H)
Rune Alstadsæter (H)
Audun Rødningsby (V)
Helge Fossum (FrP)

For finansminister Siv Jensen (FrP)
Jørgen Næsje (FrP)
Marianne Eikvåg Groth (H)
Petter Kvinge Tvedt (FrP)
Cecilie Brein-Karlsen (FrP)
Geir Olsen (V)

For kulturminister Trine Skei Grande (V)
Jan-Christian Kolstø (V)
Frida Blomgren (V)

For kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H)
Kristin Holm Jensen (H)
Rikke Høistad Sjøberg (H)
Atle Simonsen (FrP)

For samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (FrP)
Anders Bjørnsen Werp (H)
Tommy Skjervold (FrP)
Brage Baklien (FrP)

For kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H)
Paul Chaffey (H)
Lars Jacob Hiim (H)
Aase Marthe Horrigmo (H)
Anne Karin Olli (H) 

For helseminister Bent Høie (H)
Anne Grethe Erlandsen (H)
Maria Jahrmann Bjerke (H)

For utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H)
Audun Halvorsen (H)
Marianne Hagen (H)

For næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H)
Magnus Thue (H)
Daniel Bjarmann Simonsen (H)
Roy Angelvik (FrP) – 50 prosents stilling

For fiskeriminister og justis-, beredskaps- og innvandringsminister Per Sandberg (FrP)
Veronica Pedersen Åsheim (FrP)
Roy Angelvik (FrP) – 50 prosents stilling
Torkil Åmland (FrP) 
Knut Morten Johansen (FrP)
Thor Kleppen Sættem (H)
Sveinung Rotevatn (V)
Toril Charlotte Ulleberg Reynolds (FrP) – permisjon 01.10.2017-07.09.2018

For arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H)
Christl Kvam (H)
Morten Bakke (H)

For barne- og likestillingsminister Linda Cathrine Hofstad Helleland (H)
Tom Erlend Skaug (H)

For landbruks- og matminister Jon Georg Dale (FrP)
Hanne Maren Blåfjelldal (FrP)

For forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H)
Tone Skogen (H)

For olje- og energiminister Terje Søviknes (FrP)
Ingvil Smines Tybring-Gjedde (FrP)

For eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen (FrP)
Line Miriam Sandberg (FrP)

For klima- og miljøminister Ola Elvestuen  (V)
Atle Hamar (V)

For utviklingsminister Nikolai Eivindssøn Astrup (H)

Jens Frølich Holte (H)

For forsking- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V)
Rebekka Borsch (V)