Endringar i regjeringa

Partner og seniorrådgivar Tor Mikkel Wara er utnemnd til statsråd og overtek styret av Justis- og beredskapsdepartementet. Endringa gjeld frå kl. 16.00 i dag.

Regjeringa er utgått frå Høgre (H), Framstegspartiet (FrP) og Venstre (V). Regjeringslista ser no slik ut:

Statsminister
Erna Solberg (H)

Finansminister
Siv Jensen (FrP)

Kulturminister
Trine Skei Grande (V)

Kunnskaps- og integreringsminister
Jan Tore Sanner (H)

Samferdselsminister
Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Kommunal- og moderniseringsminister
Monica Mæland (H)

Helseminister
Bent Høie (H)

Utanriksminister
Ine Eriksen Søreide (H)

Næringsminister
Torbjørn Røe Isaksen (H)

Fiskeriminister
Per Sandberg (FrP)

Arbeids- og sosialminister
Anniken Hauglie (H)

Barne- og likestillingsminister
Linda Cathrine Hofstad Helleland (H)

Landbruks- og matminister
Jon Georg Dale (FrP)

Forsvarsminister
Frank Bakke-Jensen (H)

Olje- og energiminister
Terje Søviknes (FrP)

Eldre- og folkehelseminister
Åse Michaelsen (FrP)

Klima- og miljøminister
Ola Elvestuen (V)

Utviklingsminister
Nikolai Eivindssøn Astrup (H)

Forskings- og høgare utdanningsminister
Iselin Nybø (V)

Justis-, beredskaps- og innvandringsminister
Tor Mikkel Wara (FrP)

Til toppen