Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Endringar i regjeringa

Kronprinsregenten har i ekstraordinært statsråd i dag gjort endringar i regjeringa.

Statsråd Geir Inge Sivertsen har fått avskil i nåde som fiskeri- og sjømatminister.

Statsråd Torbjørn Røe Isaksen tek inntil vidare over styret av fiskeri- og sjømatsaker i Nærings- og fiskeridepartementet, i tillegg til ansvaret han i dag har for Arbeids- og sosialdepartementet.

Endringane gjeld frå i dag kl. 11.30.

 

Regjeringa er utgått frå Høgre (H), Venstre (V) og Kristeleg Folkeparti (KrF). Regjeringslista ser no slik ut:

Statsminister
Erna Solberg (H)

Kunnskaps- og integreringsminister
Trine Skei Grande (V)

Barne- og familieminister
Kjell Ingolf Ropstad (KrF)

Finansminister
Jan Tore Sanner (H)

Justis- og beredskapsminister
Monica Mæland (H)

Helse- og omsorgsminister
Bent Høie (H)

Utanriksminister
Ine Eriksen Søreide (H)

Arbeids- og sosialminister og fiskeri- og sjømatminister
Torbjørn Røe Isaksen (H)

Distrikts- og digitaliseringsminister
Linda Hofstad Helleland (H)

Forsvarsminister
Frank Bakke-Jensen (H)

Kommunal- og moderniseringsminister
Nikolai Astrup (H)

Næringsminister
Iselin Nybø (V)

Samferdselsminister
Knut Arild Hareide (KrF)

Landbruks- og matminister
Olaug Vervik Bollestad (KrF)

Utviklingsminister
Dag Inge Ulstein (KrF)

Forskings- og høgare utdanningsminister
Henrik Asheim (H)

Kultur- og likestillingsminister
Abid Raja (V)

Olje- og energiminister
Tina Bru (H)

Klima- og miljøminister
Sveinung Rotevatn (V)

Til toppen