Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Endringar i regjeringa

Kronprinsregenten har i ekstraordinært statsråd i dag gjort endringar i regjeringa.

Eldre- og folkehelseminister Sylvi Listhaug er utnemnd til olje- og energiminister.

Ordførar Terje Søviknes er utnemnd til eldre- og folkehelseminister. 

Samstundes har Kongen i statsråd gitt olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg avskil i nåde.

Endringane gjeld frå i dag kl. 14.00.

Statsministerens pressekonferanse 18. desember kl. 12.30

Nett-tv Pressekonferanse

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Regjeringa er utgått frå Høgre (H), Framstegspartiet (FrP), Venstre (V) og Kristeleg Folkeparti (KrF). Regjeringslista ser no slik ut:

Statsminister
Erna Solberg (H)

Finansminister
Siv Jensen (FrP)

Kultur- og likestillingsminister
Trine Skei Grande (V)

Barne- og familieminister
Kjell Ingolf Ropstad (KrF)

Kunnskaps- og integreringsminister
Jan Tore Sanner (H)

Olje- og energiminister
Sylvi Listhaug (FrP)

Kommunal- og moderniseringsminister
Monica Mæland (H)

Helseminister
Bent Høie (H)

Utanriksminister
Ine Eriksen Søreide (H)

Næringsminister
Torbjørn Røe Isaksen (H)

Arbeids- og sosialminister
Anniken Hauglie (H)

Samferdselsminister
Jon Georg Dale (FrP)

Forsvarsminister
Frank Bakke-Jensen (H)

Klima- og miljøminister
Ola Elvestuen (V)

Digitaliseringsminister
Nikolai Astrup (H)

Forskings- og høgare utdanningsminister
Iselin Nybø (V)

Eldre- og folkehelseminister
Terje Søviknes (FrP)

Fiskeri- og sjømatminister
Harald Tom Nesvik (FrP)

Landbruks- og matminister
Olaug Vervik Bollestad (KrF)

Samfunnssikkerheitsminister
Ingvil Smines Tybring-Gjedde (FrP)

Utviklingsminister
Dag-Inge Ulstein (KrF)

Justis- og innvandringsminister
Jøran André Smedal Kallmyr (FrP)

Til toppen