Endringar i regjeringa

Kongen har i statsråd i dag gjort endringar i regjeringa.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale er utnemnd til samferdselsminister.

Stortingsrepresentant Kjell-Børge Freiberg er utnemnd til olje- og energiminister.

Stortingsrepresentant Bård André Hoksrud er utnemnd til landbruks- og matminister.

Samstundes har Kongen i statsråd gitt samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen og olje- og energiminister Terje Søviknes avskil i nåde.

Endringane gjeld frå i dag kl. 14.00.

Regjeringa er utgått frå Høgre (H), Framstegspartiet (FrP) og Venstre (V). Regjeringslista ser no slik ut:

Statsminister
Erna Solberg (H)

Finansminister
Siv Jensen (FrP)

Kulturminister
Trine Skei Grande (V)

Kunnskaps- og integreringsminister
Jan Tore Sanner (H)

Samferdselsminister
Jon Georg Dale (FrP)

Kommunal- og moderniseringsminister
Monica Mæland (H)

Helseminister
Bent Høie (H)

Utanriksminister
Ine Eriksen Søreide (H)

Næringsminister
Torbjørn Røe Isaksen (H)

Arbeids- og sosialminister
Anniken Hauglie (H)

Barne- og likestillingsminister
Linda Cathrine Hofstad Helleland (H)

Forsvarsminister
Frank Bakke-Jensen (H)

Eldre- og folkehelseminister
Åse Michaelsen (FrP)

Klima- og miljøminister
Ola Elvestuen (V)

Utviklingsminister
Nikolai Eivindssøn Astrup (H)

Forskings- og høgare utdanningsminister
Iselin Nybø (V)

Justis-, beredskaps- og innvandringsminister
Tor Mikkel Wara (FrP)

Fiskeriminister
Harald Tom Nesvik (FrP)

Olje- og energiminister
Kjell-Børge Freiberg (FrP)

Landbruks- og matminister
Bård André Hoksrud (FrP)

 

Statsministerens pressekonferanse 31. august

Nett-tv Statsministeren varslar endringar i regjeringa

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Til toppen